Eg seier alltid at eg likar kvardagane best, og det held eg fast ved. Sjølv om dei kjem brasande inn døra for fullt i morgon, med infomøte for faga eg skal ha dette semesteret, første rettleiing sidan eg fekk tildelt masterrettleiar (gler meg til å danne supert førsteinntrykk ved å fortelje at eg har gjort null i jula), svi av tusenlappar på Studia med skamlaust lange boklister i handa.
Og så har eg klart å ta på meg to studentverv då. Men sidan dette semesteret blir ganske nøyaktig to månader lengre enn haustsemesteret var, i tillegg til at dagslyset kjem og delar ut meir energi for kvart døgn som passerar, er eg ved godt mot. Fortsetje å danse skal eg òg. Det gjev meg så utruleg mykje.
Ja, eg ser fram til dei, desse kvardagane. Har funne ut at det er mykje betre å drøyme om å ha ferie, enn det å faktisk ha ferie. Og kva er vel ikkje meir eigna for drøyming enn kvardagane?
Er ganske enig i deg der, selv om det er megetmegetmeget vanskelig å måtte stå opp etter rundt en times søvn. *_* TEEEE!
SvarSlettHuff, ser den!
SlettLykke til med dagen i dag! Det går så fint! Og det er ganske så fint å drømme om å ha ferie. Og du, gjett hvem som fikk Sorgens dagbok til jul? Hihi. Takk for tips, jeg gleder meg til å lese den!
SvarSlettÅh, tullar du? Så fint! God lesing, hugs å fortelje kva du syns :-)
SlettDet er jo smart å like hverdagene best. Rasjonelt, på et vis. Det er jo aller flest hverdager.
SvarSlettOg, som du sier, hverdagene er gode for dagdrømming. Fanfiction.net er feks mye hyppigere besøkt i min nettleser om hverdagene.
Herleg! Her går det i damnyouautocorrect.com.
SlettSnart kjem eg på kvardagsbesøk. Eller snart og snart ... Eg kjem i alle fall!
SvarSlettJA!
Slettfin blogg! hva slags verv er det snakk om?
SvarSlettdet er kvardagar det er flest av! og som du seier, det er betre å drøyme om ferie enn å ha ferie, haha. eg blir overvelda av å ikkje ha noko eg MÅ gjere.
SvarSlettJa, er akkurat slik eg òg føler det! Blir heilt apatisk. Er morosamt kor ein tenkjer, når semesteret er i full sving og ein gjer tusen ting på ein gong, at ein kjem til å vere så effektiv i ferien, på å gjere alle dei tinga ein ser fram til. Blir like overraska kvar gong, over at lufta går ut av meg og eg ikkje får gjort ein skit ;-)
SlettTenk å være så klok i en alder av 23. Og ha så rett!
SvarSlettDu er altfor god du! Og om det var nokon som var klok her, så var det deg, kjære <3
SlettHverdager er best og heldigvis er det flest av dem:) sprekt med to studentverv!
SvarSlett