Fem
- Skriv ting i avtale-/gjeremålsboka først etter at dei er gjort. Særs effektivt for å unngå dårleg samvit. Mindre effektivt når det gjeld å hugse det ein faktisk skal, men ein kan jo ikkje få alt her i verda.
- Start dagen med å gjere noko du likar. Om det så berre er i fem minutt. For min del er det å strikke. Når eg vaknar kvar dag er det litt sånn "faaaaaeen....". Men så berre "STRIKKE!"
- Hugs at du treng ekstra i vinterhalvåret. Søvn, mat, rausheit både frå deg sjølv og andre. Og dobbelt så mange sjokoladekaffi som normalt.
- Ikkje overanalysér. Seriously. Leveliv framfor tankeliv. Berre null komma éin prosent av det du uroar deg for, kjem til å bli noko av. Og då vil du uansett takle det.
- Gjer minst éin barnleg ting kvar dag. I dag har eg endeleg fått hengt opp dei sjølvlysande stjernene i taket, som eg skal ligge og sjå på kveldane framover heilt til våren kjem og gøymer vekk natta.
Ah, sjølvlysande stjerner! Min barnlege ting er så langt å gje ein morgonklem til kosebamsen min.
SvarSlettElskar det!
Sletteg måtte glise litt på punkt nummer to. men det høyrdest ut som ei veldig god idé.
SvarSlettJeg kjenner meg så igjen i det første punktet, det gjør jeg stadig vekk! <3
SvarSlettLIKAR det!
SvarSlettGenialt! :D
SvarSlett