Sider

tirsdag 21. mai 2013

Ja visst gör det ont

Eg gløymer det kvart år. Den isolerte og heimlause kjensla når alt plutseleg har blitt grønt. Dei dagane gradene kryp over tjue, og alle strøymer ut i gatene, parkane, naken hud på kvar ledig grasflekk. Det tunge sløret mellom meg og alt det spirande, yrande, smilande; mellom meg og våren eg har lengta etter så lenge. Så eg går inn att.

Eg gløymer det berre kvar gong.

Men eg finn meg sjølv att når det regnar. Når alle lukter vert forsterka, og det berre er meg og mp3-en som strøymer i gatene, når graset speglar seg i dropane og engkarsene nikkar svakt til meg under vekta. Gjenkjennande. Vårregn er noko av det mildaste og mest trøystande eg veit.

3 kommentarer: