Sider

torsdag 19. september 2013

Nettjantelova

  • Du skal ikkje tru bloggen din er like meget som bloggane med fire-, fem- og sekssifra antall klikk dagleg.
  • Du skal ikkje tagge deg sjølv i bilete på Facebook (spesielt ikkje dei der du ser ok pluss ut).
  • Du skal ikkje linke til bloggen din på Facebook (men få andre til å gjere det, og så spele falsk beskjeden i kommentarfeltet etterpå).
  • Du skal ikkje skrive meir enn ein status i månaden, og denne skal direkte eller indirekte handle om politikk.
  • Du skal aldri skrive eller legge ut bilete av noko som peikar positivt mot eige presentasjonar (igjen, dersom du får andre til å gjere det, er det greit, men då er det med falsk beskjedenheit essensielt).
  • Du skal ikkje opprette eiga Facebookside for bloggen din. Hallo, kven trur du at du er -  Fotballfrue?
  • Du skal ikkje skifte profilbilete meir enn tre gongar i tiåret (sjølv ikkje om du har hoppa i fallskjerm etter å ha skifta den tredje).
  • Du må ikkje under nokon omstende ha bilete av deg sjølv både som bakgrunn og profilbilete på Facebook. Skal du ha bilete av deg sjølv som bakgrunn, må du ha ein blome som profilbilete. Skal du ha deg sjølv som profilbilete, må du ha himmelen eller ein baby (helst din eigen, om du har) som bakgrunn. 

Dette ovanfor var skrive med eit SNEV av stikk til Jantelova, men følgjande er dønn seriøst:

  • Kva enn du gjer, legg aldri ut bilete med fotoarm. Sjølvutløysar er tingen. Eller få venene dine til å ta bileta, sjølv om dei blir litt leie etterkvart: "TA BILETE AV MEG NO OG LEGG UT PÅ FACEBOOK, DÅÅÅ!" Og så berre i kommentarfeltet: "Nei guuuri, kva er det du har lagt ut? Du altsåååå, hjartehjarteblomesmilefjes". Men altså: Fotoarm er døden.
  • Aldri - ALDRI - lik dine eigne statusar eller kommentarar. For guds skuld.

18 kommentarer:

  1. Hahahahahaha! Elskar det! Heia anti-jantelova!

    SvarSlett
  2. Haha, spot on! (og jeg er helt skyldig i å ha tenkt det meste av dette)

    SvarSlett
  3. Fantastisk. Legger ut denne, så skynd deg over til Facebook for å spille falskt beskjeden :p .

    SvarSlett
  4. Junekjærlighet og en god morgenlatter! Herlig!

    SvarSlett
  5. Manglar ikkje facebook ein sånn "So what!"-knapp ?

    Ellers så synes eg at denne Nettjantelova di treffer meg litt for godt. :)

    SvarSlett
  6. Hahah, fantastisk! Det er akkurat sånn eg tenker, huff og huff. Men så bryter eg den då. Eg har jo facebookside til bloggen min OMG SÅ LAME eg er jo ikkje Fotballfrue eingong..

    SvarSlett
  7. Haha, SKAM DEG! (Eventuelt: Motstandarar av nettjantelova salute you) ;-)

    SvarSlett
  8. Haha akk, facebookvenene mine må verkeleg hate meg :) Idag har eg spamma dei med ei ny låt, statusar skriv eg litt for ofte og når eg ikkje skriv for triste ting delar eg bloggen min også.

    SvarSlett