Meir Tromsø-bilete vart lova, og her kjem dei. I rikt monn. Men det var slik ein fantastisk tur, og då må skikkelig dokumentasjon til.
Altså; i slutten av september trossa eg både flyskrekk og lesesalstvang, og sette meg på ei Widerøe-maskin i retning Nordens Paris. Kaldsvettande deisa eg ned i ein by som bada i sol, og vart plukka opp av mi kjære tante. Deretter vart eg plassert i ei hengekøye og skjemt vekk i ti dagar.
 |
| Det viste seg òg å vere ei reise i tid, då hausten oppe i nord hadde kome mykje lenger enn i Bergen. |
 |
Kan ein ha det betre?
Nei. |
|
 |
| Ein av dei mange kulinariske gledene mi tante diska opp med i løpet av opphaldet. |
|
 |
(Oppdagingsferd i huset): Artige ting mi tante har teke vare på og laminert #1
Rørande historie forfatta av mi søster for nærare tredve år sidan. |
|
 |
Artige ting mi tante har teke vare på og laminert #2
Invitasjon frå anten meg eller min bror (mest sannsynleg sistnemnde, då eg nektar å gå
med på at eg nokon gong har hatt eit store-og-små-bokstavar-i-same-ord-problem. |
|
 |
| Eg vil derimot aldri drøyme om å seie frå meg opphavsretten til dette kunstverket. |
 |
Eit av føremåla med turen var å få sjå nordlyset, noko eg alltid har drøymt om.
Då eg kom hang desse utklippa på badespegelen, og det var så koseleg. |
|
 |
| Den fantastiske landstaden som tanta mi og hennar kjære har. |
|
 |
| Mor ror. (Neida, det er tante Magni). |
|
 |
| Det var så mange himmelfenomen den dagen. Her ser du regnbogen om du legg godviljen til. |
|
 |
| Glorie-skyer elns. |
|
 |
| Mor ror II. (Neida, det er jo mæ). |
|
 |
Å, kor fint vi hadde det.
Her er det skitt fiske på G. |
|
 |
| Med resultat. |
|
 |
| To niser var der. Du ser finnane deira på dette biletet (med lupe). |
|
 |
| Lærte seg å kjaire båt. |
|
 |
| ... sløye fisk. |
|
 |
| ... OG filetere. Hadde med meg så mykje fisk heim igjen at eg frykta overlast. |
|
|
|
|
 |
| Kan man ha det betre? Nei. (II) |
 |
| Flotte fiskemiddagar. |
|
 |
| Og den overdimensjonerte kanelbollen frå eit bakeri i sentrum som har vorte ein tradisjon kvar gong eg er i Tromsø. |
|
 |
| Kos i den beste atmosfæren som tenkast kan. |
|
 |
Afrikatre på veg til landstaden. Særs fotograferings- og klatrbart.
Artig at vi òg fann det i ei biletebok med foto frå Tromsø som tante Magni kjøpte til meg. |
|
 |
Fekk òg treft igjen kjær gardsveninne (møttast på garden i Undrumsdal i sommar), som bur i Tromsø.
(Innlegg om gardsopphaldet kjem forresten snart på ein blogg nær deg! Lovar, altså. No er det nok treigskap). |
 |
| Hjarte, smilefjes. |
|
 |
| Og turar rundt Prestevannet. |
|
 |
| Ikkje nok med det! Klarte òg å vere fornuftig og jobbe med masteren. Oppsøkte UiT (arktisk universitet, må vite) for å lese ei masteroppgåve om Tor Jonsson (som eg skal skrive om), som fins der. Snasent universitet, altså. |
 |
| Turen oppsummert. |
|
Om eg fekk sett nordlyset?
Jessdå. Det kom første kvelden eg var der. Eg sto på altanen og hylte. ("DET BEVEGAR SEG JO, SER JO LEVANDE UT! DET BLIR LILLA ÒG!"). Så viste det seg ikkje igjen før mot slutten av opphaldet, men då fekk eg til gjengjeld teke nokre bilete. Men hadde ikkje funne ut av innstillingane på nye-kameraten enno, så dei vart no som dei vart, og kan ikkje blåsast for mykje opp. Men de ser no kva det går i.
Eg lev lenge på den turen, altså. Ein ekstra stor takk til tante Magni!
Fantastisk vakre bilder! Så stemningsfulle og fulle av følelsar!
SvarSlettTakk, kjære!
SlettÅååå, så koselig innlegg, vakre June. Bildene var kjempefine, og måten du skriver på gir meg sommerfugler i magen og frisk luft i nesen. <3
SvarSlettTusen takk for gode ord, Caroline <3
SlettSå koselig og utrolig fine bilder! Hva synes du om Universitetet? Hva er det forresten du skriver master om? Og, hvilket bakeri finner man den fantastiske kanelbollen? :)
SvarSlettTakk! Meiner du universitetet generelt, eller UiT? Eg skriv om morsbinding i Tor Jonsson sin lyrikk. Hugsar ikkje kva bakeriet heter, dessverre, men det ligg i den gågata i sentrum der alle butikkane er, og ved sida av ein bokhandel og ein nipsbutikk (veldig informativt. Beklagar) ;-)
SlettVar så koselig å møte dæ igjen June! Tida går så fort, så er ikke lenge til neste gang. Utrolig flotte bilder du får med nytt kamera. Lykke til videre med masteroppgaven. <3
SvarSlettTakk det same, skjønne Julie! Gler meg maks til neste gong <3
SlettFor en nydelig plass! Jeg blir med neste gang!
SvarSlettJA!
SlettBerre wow blir for enkelt, men WOW altså!
SvarSlettTakk for at du deler dette vakre eventyret ditt. Både med ord og bilder. Eg kosa meg veldig med å lese og betrakte. Og no har eg endå meir lyst til å reise til Nord-Norge. Staikje flott der oppe. Elns. ;)
Tusen takk, Hege! Ja, du må definitivt ta deg ein tur opp dit. Kan anbefalast både sommar som haust/vinter, med midnattssol eller nordlys :-)
SlettFlotte bilder! Ååh, jeg drømmer om å se nordlyset en dag <3
SvarSlett