Sider

tirsdag 8. april 2014

Dagane her

To veker:

Og eg har sett blåveisar for første gong (trur eg). Eg har skrive skumle søknadar, vrengt ut masterstoff (treigt, men framover). Eg har forundra meg over austlandet sin geografi, korleis ein liksom ser at verda er rund her, fordi fjella sperrar ikkje for sikten (men dei passar jo på ein); ein kan sjå så langt. Eg har besøkt nærområde, kome i snakk med mange framande (eg, liksom) som alle har verka meant-to-be-plassert på min vei med det dei prata om. Sluttar aldri å undre meg over kor ein opnar seg opp mot verda når ein kjem til ein ny stad; treng ikkje reise noko langt. Eg har lese og grått, skrive og grått, gått i skogen og grått. Eg har hatt i fanget kvar dag verdas mest drektige og kosete katt som lukta jord. Eg har endeleg fått teke melk-i-te-bilete in action. Eg har fått frekner og smilt og ledd med dei her som eg har vorte så glad i her, prata om universet og det meste i det, og grått med nokre av dei òg. Eg har fått nye bekjentskapar. Eg har spira og vakse, som dei pittesmå karsefrøa vi la i våt bomull som bana veg ut av seg sjølv og vart til plantar på tre dagar.

I morgon reiser eg, men kjem alltid attende. Slik er det når ein har røta seg ein stad.








Datt-ned-i-mellomrommet-som-teppet-laga-i-armlenet-som-visst-ikkje-var-så-stødig-tryne.

Gjekk-visst-bra-ehehehehe-tryne.

Livet-er-okei-tryne.





18 kommentarer:

  1. utrolig vårlig! kjenner lukten ute og gleder meg..

    SvarSlett
  2. utrolig fine bilder, spesielt av melk-i-tekoppen! dette er sikkert et rart spørsmål, men når vet man, merker man, at man har spira og vokst? hvordan kjenner man det?

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk! Ikkje rart spørsmål. For min del merkar eg det når noko gjer veldig vondt men eg samtidig kjenner at det er ein viktig prosess som eg må gjennom for at det skal kunne bli bra med tida. Erfaringar frå tidlegare som har lært meg at når ein trur ein berre stangar hovudet mot veggen og ikkje kjem vidare; det er då ein sår. Og plutseleg ein dag, når ein minst ventar det (og liknande klisjear), kan ein hauste; då merkar ein kor mykje ein har vekse. Veit ikkje om det gav meining, men trur det er ca. slik eg føler om det.

      Slett
  3. Så utrolig hærlig! Gleder mæ til mange fine sommerminna sammen i sommer <3

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, Julie! Gler meg maks eg òg <3

      Slett
  4. Godt skreve som alltid June <3 Og veldig fine bilder :-)
    Hilsen tante Anne Birte

    SvarSlett
    Svar
    1. Tusen takk, tante Anne Birte, og så kjekt med kommentar frå deg!

      Slett
  5. Så flott å lese dette June. Fortsatt sårt, men alikevel fult av håp. En ny vår. Og både bildene og teksten din understerker det. Jeg ble glad.

    SvarSlett
    Svar
    1. Blei glad eg òg av denne kommentaren! Tusen takk.

      Slett
  6. Så fint! Fikk lyst å dra dit!

    SvarSlett
    Svar
    1. Takk! Kan eg godt forstå; er ein heilt magisk plass.

      Slett
  7. Er så glad du har funne den plassen! DIN plass! :) Ditt Afrika, hahaha! :)

    SvarSlett