Sider

torsdag 12. juni 2014

Folk

Sto på busstoppet på hjørnet av 7-Eleven og venta på 30-bussen. Hadde nettopp spegla meg i vindauget til for å feste ei fliseklemme; rynka litt mot det trøytte andletet som såg tilbake. Ein sånn hendene-i-kors-dag. Så vart eg ståande og sjå litt på folka som strøyma forbi meg, inn og ut av medvitet mitt, lurte på korleis eg såg ut i deira blikk. I mengda kom plutseleg eit smilande ansikt min veg, med smilet retta mot meg. Etter å ha konstatert at eg ikkje kjende vedkommande, og at det berre var ein hyggeleg framand, smilte eg tilbake og såg ned med éin gong, slik eg pleier når eg smiler til nokon. Byrja ein liten refleksjon over at framande som smiler til ein må vere noko av meininga med livet. Så høyrer eg "unnskyld", og kika spørjande opp. Ho hadde stoppa rett framfor meg; eg trudde ho berre gjekk rett forbi.

- Har noen sagt til deg i dag at du er så vakker?

7 kommentarer:

  1. Åh, så fint! Denne teksten gjorde dagen min.

    SvarSlett
  2. Dejlig, dejlig. (Elsker korleis danskane bruker ordet deilig.) Og det var deilig at du delte dette og eg vil tru at du hadde ein ganske deilig dag etter dette. :)

    SvarSlett
  3. Hei June! Det er altfor lenge sidan eg har vore innom her no, det er på sin plass å fortelje deg at det føles bra å lese orda dine igjen. Du er god.

    SvarSlett
  4. <3 Slike menneske gir meg trua på menneskeheita! :)

    SvarSlett