Er i Nordens Paris att. Tok meg ein tur saman med tante og søskenbarn, til tante Magni her. Overlevde nok ein gong flytur (can you believe it?), og vårt skip er no lasta med fisking i båt ved landstaden, grilling, slentring i Storgata (hashtag: garnbutikk), hengekøye, fotball-VM (lesing for min del), treklatring, elgjakt, (skyte dei med kamera, altså; ikkje gevær eller kva det no er ein brukar) og andre feriesyslar. Eit meget oppegåande avbrekk frå lesesalen, som eg må tilbake til om ei lita veke. Slik er det når ein har utsett masterinnlevering.
Men det måtte bli så, for det var uaktuelt å brenne seg ut og opp og ned for å levere 15. mai, så då tek eg heller prisen å betale, som er å ha oppgåva hengande over seg i sumar. Ei god trening i å ta mentale småferiar, noko eg igjen skal gjere når eg reiser på gard att i juli.
Frå min forrige Tromsø-tur, i haust.
God sommer <3
SvarSlettGod sommar til deg òg, kjære <3
SlettBok over VM <3 Lykke til med innspurt, jeg heier på deg!
SvarSlettEinig, sjølv om eg mot alle odds vart bitt av VM-basillen til slutt eg òg! Det ga seg då eg kom heim, då.
SlettTakk!
Det er kjempeviktig med pauser og litt ferie fra den oppgava, hvis ikke kan den spise deg helt opp. Lykke til med fullføringa!
SvarSlettVeldig sant! Takk skal du ha :)
SlettMasse lykke til med innspurt på masteroppgåva! Håpar også at du kjem ein tur heim til Bremanger i sommar <3
SvarSlettMartine
Tusen takk, kjære Martine! Ja, kjem heim i slutten av juli, håpar du er der då! <3
SlettHøres ut som en super pause <3
SvarSlettMasse lykke til med innspurten!
Det var det! Tusen takk :)
SlettEin god og velfortent pause!
SvarSlett