Sider

fredag 9. januar 2015

Running to stand still

Post-mastertida vart ikkje heilt som forventa. Nervene tok meg ei lita veke før innlevering, og eg byrja kvar dag med å kaste opp. Det er visst mitt lodd i livet, at når eg berre blir stressa nok så reagerer kroppen med å sende føden i retur, så ein allereie utsliten kropp blir endå slitnare. Snedig konstruert. Uansett, tanken om at det heile snart var over hjalp meg til yte på slutten. Men det vart visst problemet; eg gav alt i innspurten, og så var det ingenting att til etterpå.

Eg følte inga glede over å ha levert, følte ikkje eingong det var reellt at eg hadde levert. Stresset i kroppen ville ikkje forlate meg. Eg sa til meg sjølv at eg berre måtte gje det tid, men tid gjekk og framleis oppførte kroppen seg som om det var krig. Byrja kvar dag med vakne frå sinnssjuke mareritt, til oppkast og angst - til og med over ei veke etter innlevering. Følte meg så utruleg dum, det var jo berre ei masteroppgåve. Ei som eg til og med har kosa meg med å skrive (minus før deadline, men sånn er det jo med alt) og som eg trudde eg hadde eit avslappa forhold til. Men ein gong flink pike, alltid flink pike, eller noko sånt. Eg hadde visst berre slite meg heilt ut.

I alle fall vart det svært vanskeleg å skulle gå på jobb og elles vere fungerande når eg berre vart svakare og svakare. Når forsvarsverket blir så brote ned, kjem dessutan gjerne gammal drit som ein trudde ein var ferdig med, fram att. Alle sluser vart opna, det vart berre kaos, og kvar dag var som ei veke. Eg prøvde i det lengste, men hadde ikkje sjans.

Det endte med sjukmelding frå både jobb og munnleg eksamen, og at eg måtte bu hos tanta mi i ei veke for å få orden på mat og kvile att. Er evig takksam for at eg kunne dra dit, og bli teken med på peparkakebaking og julebarne-tv saman med herlege søskenbarn, bli distrahert og fylt med varme og tryggleik. Og berre det at nokon var der. Å sitje åleine i ei kjellarleilegheit på haustkveldar har sin sjarm dét, men ikkje i ein så stressfylt fase. I alle fall ikkje for meg.

Dei siste vekene har gått med til å kvile og tenke. Korleis kunne det bli så ille, grunna ei masteroppgåve? Eg har tenkt heile vegen at den definerer jo ikkje meg, er berre noko eg held på med i ein svært avgrensa periode av livet, og at det er kjekt å få lov til å forske på noko eg har valt heilt etter eige hjarte. Så kva skjedde eigentleg? Har sett bakover i kalenderen at det har vore ein rimeleg kreisi haust, med meir på timeplanen enn eg er skapt for, til dømes masse jobb sidan eg hadde forbant meg på at eg ikkje skulle ta opp meir studielån. Men det kan berre vere eg skapar meg ei forteljing som passar til slutten. Av og til skjer berre ting, og skal aksepterast heller enn analyserast. Shit happens.

Gradvis kom eg meg på beina att. Kvile, frigjering frå stresselement, ei jul heilt utan forventningspress (oppskrifta på ei lukkeleg jul = å bryte saman før advent og forvente ingenting), gode samtalar med mine nære, snøeventyr heime hos ho mor med katten på magen, retreatnyttårsfeiring på gården i Undrumsdal  med meditasjon, bålbrenning, openheit, god mat, sang og crazydansing i bryggerhuset til klokka tre om natta. Når det er summen av mange ting som får deg i bakken, så er det òg summen av mykje som kan få deg opp att.

No er eg tilbake i Bergen, tilbake i kvardag, tilbake i leilegheita, tilbake i jobb, tilbake på lesesal, og stresskaoset lurer i veggane mine, i mailinnboksar med ny eksamensdato som aldri kjem, i avlukket mitt på instituttet. Og eg hamnar i panikk, men eg treng ikkje bli der. Eg har ny almanakk, eg har slutta å synge nå har snøen begynt å falle / og faen ta alle, kleda mine passar snart heilt igjen - og det er bra - og dagen i morgon kan bli din beste dag og sånn.

Apropos bra morgondagar: den observante lesar vil legge merke til at det har skjedd nokre endringar her inne. Dagen i dag er framleis morgondagen du drøymde om i går, berre ikkje her på bloggen. Eg er litt mindre yolo enn då eg oppretta den som nittenåring, og hadde no behov for ein ny tittel. Også fordi eg var litt lei av å måtte ta pustepauser kvar gong folk spurte kva bloggen heitte; er greiare med ein kort tittel for min del. Den nye er lett å seie, den har ei djupare tyding - bokstaveleg tala; der eg kjem frå betyr undersjø - eller 'ondesjø', som vi seier heime - den sjøen som ligg under overflata og kan skape bølgjer sjølv om det er finvêr og havet ser heilt roleg ut. Tittelen femnar såleis om mine røtter, noko som ein jo blir meir oppteken av dess eldre ein blir, og eg elskar jo min maritime bakgrunn som oppvaksen på ei øy ytst i havgapet, og som fiskardotter.

Avslutter med nokre illustrerande bilete frå advent:


Frå ein av dagane då eg var tilbake i leilegheita etter å ha budd hos tanta mi, 
og klarte å pynte til jul og faktisk finne roa.

Og etter seks års samliv falt det meg først inn no å late Trygve vere juletre.

10 kommentarer:

  1. Hurra for åpenhet! <3 Og for Trygve!

    Men altså, for eit sårt og nydelig innlegg å lese. Det gav gjenklang i meg sjølv og eit akutt behov for å gi deg ein god, varm klem og sei at du er så innmari bra!

    Og tusen takk for det eg har fått av deg! Det løftar meg alltid. <3

    SvarSlett
  2. Sterke, gode, fine June! <3 Du skriv så godt at til og med det som er vondt vert fint når du skriv om det.

    SvarSlett
  3. Du er en så fin person på så mange måter, skikkelig glad for at du finnes.

    SvarSlett
  4. Vakre og såre ord. Du er bra, og jeg håper 2015 gir deg mange gode og varme øyeblikk!

    SvarSlett
  5. Du er bra. Og jeg sender deg hundre klemmer!

    SvarSlett
  6. <3 til deg for formuleringsevna di, og hurra for alt som går betre!
    Og så veldig perfekt ny tittel på bloggen.

    SvarSlett
  7. Tusen takk for så fine og gode ord; makes my days <3

    SvarSlett
  8. For en flott ny bloggtittel, og for noen godt formulerte tanker. Det er så rart når hodet og kroppen liksom rotter seg sammen mot en og gjør ting vanskelig... Jeg håper du snart finner roen igjen! Det fortjener du!

    SvarSlett
  9. Kjære June, livet altså! Kjenner meg så altfor godt i det du skriver. Bortsett fra at jeg ikke klarer å formulere ordene like fint som deg.

    SvarSlett