Det var ein av dei aller første dagane i februar. Eigentleg var eg litt oppgitt over at eg fekk ny eksamensdato så seint, eg meinte sjølv at eg var klar allereie tidleg i januar. Men i ettertid er eg glad det vart slik. For då fekk eg god tid på å hente meg inn att, dele opp masteroppgåva bit for bit, lese i små etappar medan eg var på besøk hos nokon, kappe hovud av troll heilt til det var berre meg igjen. Og ei så fin sol, der eg gjekk mot eksamenslokalet nesten heilt utan nervøsitet, og lurte på om eg hadde fått hjerneskade. I alle fall beviste eg dei feil dei som trudde det "berre var ekstrem eksamensangst" som slo meg sånn ut før jul (men antakeleg mest meg sjølv).
Ein time seinare, etter undrande å ha sett meg sjølv utanfrå sitje og formulere fornuftige svar med roleg stemme i over ein time som var nesten ein monolog (eg som ikkje "kan" snakke, som eg har hatt som sanning om meg sjølv, spesielt i studiesamanheng), kunne eg gå ut av universitetsområdet for aller siste gang (eg måtte jo tilbake for å pakke ned frå lesesalen og slikt då, men det høyrest så fint ut å seie for aller siste gong). Med ein god karakter og verdas mest letta kjensle. Trur eg sende tjue meldingar dei neste minutta, og svara eg fekk synte at folk har skjønt. At det hadde kosta meg litt, denne perioden av livet som no syner seg som så veldig avgrensa.
Folk seier til meg at dei aldri har sett nokon som er så glad for ha forlete studenttilveret, og det er eg verkeleg. Eg var berre så klar. No kan eg skrive kva eg vil (aldri meir akademisk), kome heim frå jobb og ha FRI. Sjølv om eg har eit spesielt talent for å bygge opp stress og bekymringar, som no festar seg på andre ting, som kva kjem eg til å jobbe med, kan eg betale husleiga neste mnd, osv - desse bekymringane er uansett tusen gongar betre enn å ha lesepress og eksamen hengande over seg, for min del.
No ventar den første våren på sånn ti år utan eksamen, og eg skal gjere alt eg kan for å nyte den.
Hurra! Endeleg nytt blogginnlegg! :) Du er tøff! Og best av alt: I morgon kjem du til meg! <3
SvarSlettTakk, du òg!
SlettJaa, og det var fantastisk :)
Hurra! Endeleg nytt blogginnlegg! :) Du er tøff! Og best av alt: I morgon kjem du til meg! <3
SvarSlettSå koselig å høre fra deg igjen! Og gratulerer med ferdig oppgave og studietid, herlig! Jeg er ferdig som student i slutten av mai, og det er både spennende og skummelt. Later som om jeg synes det er mer spennende enn skummelt. Er ihvertfall så veldig klar for arbeidslivet, fri når det er fri og bort med eksamensnerver.
SvarSlettTusen takk for kommentar! Det ER meir spennande enn skummelt :) I alle fall så langt, og eg har tenkt å halde det på den måten ;) Masse lukke til med siste delen av studietida!
SlettSå glad jeg ble av finne nye ord fra deg igjen her! Gratulerer med fullført master, nyt våren!
SvarSlettSå kjekt å høyre, og tusen takk :) Nyt våren du med!
SlettDu er best!
SvarSlettDu òg!
Slett