Så føyer eg meg inn i rekkja av folk som i nyare tid har løfta fram denne forfattaren. Wislawa Szymborska (1923-2012), polsk lyrikar som vann nobelprisen i litteratur. Det er ikkje vanskeleg å skjøne kvifor. Det er det geniale i det enkle, underleggjeringa som treff så sterkt. Ho klarer å setje orda slik saman at sjølv det aller mest kvardagslege av det kvardagslege blir noko ein må ta inn over seg på ein ny måte, dvele ved, undre seg over. Alt ho tek i vert levande. Og ho får til dette ved hjelp av eit lettfatteleg, tilgjengeleg og likevel svært poetisk språk, med nære og presise bilete.
Du må berre læse!
Noe av det fineste jeg har lest på lenge! I morgen skal jeg lete etter Szymborska på biblioteket.
SvarSlettÅh, ja! Wisława Szymborska er ein favoritt! Det diktet om tause planter er eitt av mine favorittdikt. Å, herlighet, eg trur ho er favorittdiktaren min, i alle fall som ikkje er norsk.
SvarSlett