Eg skjønar verkeleg ikkje korleis nokre perioder kan gå så fort. Vi mista Momma på ein av dei aller siste dagane av 2013, og den første tida var så full av tankar, ord, tid - og alt eg skulle skrive, minnast, føre vidare. Men det nye året ville òg andre ting, og snart skjedde det første som ein seier seg sjølv at ikkje skal skje meir etter å ha mista nokon: Kvardagen tok meg. No kjennest 2014 som eit blaff som har snike seg inn i rekka av år, og eg skjønar enno ikkje heilt kva knaggar det skal hengast på.
Eg sluttar aldri å undre meg over fenomenet tid. Då eg byrja å skrive på dette innlegget var 2015 berre nokre dagar gammalt, og no er vi over i den andre halvparten.
Har tenkt så lenge på at eg har lyst til å lage ein liten innleggsserie her inne som omhandlar å leve i Momma sin ånd, som vi i familien har vore så opptekne av etter at vi mista henne (og før). Det er så mykje ved henne som fangar veldig viktige emne, synest eg.
Så då gjer eg det.
Først ut: Gjenbruk.
Ein av dei aller siste gongane eg var på besøk hos henne, hadde eg ein sokk som det hadde gått hol på. Eg kasta den i bossbøtta på badet, og tenkte ikkje meir på det. Ikkje før eg kom inn på kjøkenet om kvelden etter å ha sykla meg ein tur, og Momma sat og gjorde siste finishen på sokken, som ho hadde teke opp frå bosskorga og lappa.
Den haldninga fangar så godt opp hennar generasjon. Det med reparasjon framfor å kjøpe nytt, tanken om at ein skal bruke av det ein har, og at ingenting skal gå til spille. Eg ønsker så veldig å leve etter eit slikt prinsipp (det er jo òg veldig i den grøne vinden for tida).
Ei rørande historie frå røynda i samband med det:
Som den einaste gjenlevande på kloden som enno ikkje har smarttelefon (I'm different), er eg villig til å strekke meg langt for å halde på min posisjon som superkul motstraumskjerring. Difor, når min seks år gamle Nokia (3310. Neidå) byrja å tulle, var det heilt uaktuelt å å berre sitje å sjå på den gamle sjela døy. Eg heiv meg rundt med massiv googling for å finne ut kvar eg kunne få tak i nytt batteri, og det viste seg at det kunne eg få på Clas Ohlson. Så eg marsjerte inn der med the dying body, og så berre:
Clas Ohlson-fyr: Du burde heller kjøpe ny telefon.
Eg: Nei.
Clas Ohlson-fyr: Det kommer til å koste like mye å skaffe nytt batteri som å kjøpe en ny billig dri... eh, telefon av denne typen.
Eg: Det kostar under hundre kroner for eit sånt batteri, ifølgje internett.
Clas Ohlson-fyr: Eh, jah... Men har du sett denne modellen som vi har inne? *viftar med dårleg alternativ*
Eg: Har den notatfunksjon?
Clas Ohlson-fyr: Hæ?
Eg: Har den notatfunksjon? Eg må ha ein telefon med akkurat den notatfunksjonen som eg har no.
Clas Ohlson-fyr: Det... vet jeg ikke. Men vi kan sikkert slå den på og se... Eller noe.
Eg: Eg vil ha det batteriet.
Clas Ohlson-fyr: Ok.
Og slik fekk min Nokia sin renessanse, og er no like sprek som ein konfirmant.
Så ja, gjenbruk er tingen. Og heilt i Momma sin ånd.
Du er så fantastisk! Likte spesielt godt samtalen med Clas Ohlson-fyren! ;)
SvarSlettJeg har heller ikke smarttelefon! Så det var godt å lese at jeg ikke er den eneste personen i 20-årene som går mot strømmen :-) Samtalen med Clas Ohlson-fyren minnet meg på samtalen jeg hadde med en Elkjøp-fyr for to år siden, da jeg var på jakt etter en sånn gammeldags mobil med kalenderfunksjon ;-)
SvarSlettDenne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.
SvarSlettDette er altså så fint! Ein god idé og ein fin tanke <3
SvarSlettSå fint innlegg, verdt å lære av og svært gøyalt referat frå den samtalen. Veldig bra at du stod på ditt :)
SvarSlettDet var en veldig koselig ide til en innleggsserie :) Hahaha, og så herlig det med telefonen. Jeg stod også imot smartphone-maset veldig lenge, men du kan si at presset tok meg :/ men, jeg var like lykkelig med gammel telefon!
SvarSlettDigga at du ikkje har smarttelefon. :) Du er så du attedetgårnestenikkjean.
SvarSlett