For ei tid tilbake las eg boka med brevskrivinga mellom Olav H. Hauge og Bodil Cappelen (
Brev 1970-1975). Desse to vart eit par i godt vaksen alder, etter at ho hadde treft han tilfeldig og byrja å skrive brev. Hadde gleda meg veldig til å lese denne, og det var ei fryd heile vegen. Så utruleg morosamt å sjå ulikskapane mellom dei. Ho: full av kjensler og kjærleikserklæringar som renn til tider nærmast ufiltrert ut i breva. Han: praktisk orientert, avbalansert og tilbakehalden, men venleg, og kanskje med noko meir mellom linjene, kanskje ikkje. Første halvdelen av boka tenkte eg berre: Jente, eig du ikkje sjølvrespekt? Det kjem aldri til å bli dykk, han er jo ikkje interessert. Men ho berre gønna på, og takk og lov for det. Det resulterte i ei av dei vakraste kjærleikshistoriane eg veit.
(Beklagar litt dårlege biletekvalitet somme stader, for det er jo sånt ein skal beklage på ein blogg, har eg skjønt. Men det er orda som er det viktiga her, altså!)
Dessutan er ho sjukt morosam:
Preach it, sister.
Kvifor ikkje berre seie det rett ut, liksom. Ikkje noko the game her, nei.
Ho er min nye kjærleiksguru.
Og all livsvisdomen mellom desse permane.
Å, den kjærleiken.
Og han berre: Bla bla bla, *praktiske ting*, bla bla, *litterær referanse*, bla.
Men så! Endeleg skjønte han det ho hadde visst frå første møte. Og det er så nydeleg:
Om du ikkje har lese den enno, så veit du kva du må!
Åh, no går denne rett inn på julegaveønskelista mi, i lag med biografiane om Tove Jansson og Astrid Lindgren. Og Beckomberga og den av ho norsksvenske som har skreve om litt rare, ensomme mennesker i Stockholm (heilt jernteppe på tittelen :))
SvarSlettÅ, så fint, Hege! Og takk for tips :)
SlettÅ, så vakkert! :)
SvarSlettPS! Eg held veldig mykje av deg, June!
No hoppa hjartet mitt! Love you <3
SlettDet høres ut som en veldig fin bok! Må føre den opp på leselista mi!
SvarSlettDo it!
SlettDet blir liksom ikke det samme - i framtiden - å skulle skrive bok ut av sms'ene og facebook-kommentarene til meg og min kjære:
SvarSlett..."Jeg er glad i deg, smilefjes, hjerte, fnis".
..."Idag er alle teite!!, smilende-bæsje-emoticon".
Alt blir nok mer episk i brev! Hadde det ikke vært for at vi allerede bor sammen, så skulle jeg sannelig tvunget ham til å skrive brev til meg.
Haha, point!
SlettSyns han kan skrive brev uansett, eg :D
Å! Denne må jeg lese snart <3
SvarSlettJaa <3
SlettÅåå :D Superfint!
SvarSlett:D
Slett