Sider

torsdag 17. mars 2016

Vinterminne

Det har vorte vår. Sola går nesten gjennom skallen, og eg burde verkeleg snart skjøne at solbriller ikkje er noko som berre finst i sommarferien.

Dei stille vinterdagane er allereie minne. Som denne, då byen vart fylt med snø og det heile berre varte éin dag. Då var det viktig å kome seg opp på Fløyen med rumpeakebrett før jobb (ikkje tru no då at eg er ein sånn person som står opp klokka seks og herjar før jobb. Eg jobbar omtrent berre ettermiddagar og kveld).



Det var så magisk, og nesten ikkje eit menneske. Dei få eg møtte - som ein amerikansk turist som smilte meg heilt ned; eg elskar folk på tur - helste som om vi alle kjende kvarandre og var partners in crime.



Dette er eit så sjeldan syn i Bergen at eg gjekk rundt heilt andektig og berre is this real life?




Og gleda over når badet ser slik ut; vinterklede til tørk, smelta snø og salt overalt, som då ein var unge, lukta av vått ull og lyden av overtrekksbuksa som gnissar når ein spring opp bakken endå ein gang, og endå ein gang. Suse forbi alle og gje fullstendig fan, vere heilt fri.

Så må ein rekke jobb.
Men det finst plass til begge verder i eit slags vaksenliv.

5 kommentarer:

  1. Dette likte jeg svært godt, takk for deeeet! Nydelige bilder. Og jeg er misunnelig for akinga!

    SvarSlett
  2. Å, så vakkert! Særleg den siste setningen. <3 Den skal eg ta med meg vidare. :)

    SvarSlett
  3. Så nydelig fortalt med vakre bilder av det snøkledde vinterlandskapet. Artig at du kjem deg ut og aker før jobb. Aking er undervurdert. Du e god June ♡

    SvarSlett
  4. For ein nydelig tur June. Vi blir aldri for gamle til å leike. :)

    SvarSlett
  5. Tusen takk for fine kommentarar, gode menneske <3

    SvarSlett