Men det var ikkje det som skjedde. Alt var etterlete slik eg hugsa det (veldig takksam for det). Til og med tannkosten hennar og såpestykka på det vesle fatet. Jakka hennar hang på plassen, og eg grov tårene mine inn der, på jakt etter lukta av tryggleik. Men den var jo overalt i heile huset. Ho var jo overalt i heile huset.
Klår er min tanke,
stille mitt sinn,
varmt er mitt hjarta
for vegen min.
Nokon gjekk før meg,
det lyser i spor.
Ei stille røyst kviskrar
eit vandrarord.
Frå fjell ned til hagar
med angar av vår.
Dér blømer blomar
i grodde sår.
Dér blømer blomar
i grodde sår.
Tekst: Stein Versto
På seinsommaren reiste eg tilbake og budde der fleire dagar åleine. Det vart kanskje litt i einsamste laget somme stunder, men godt å kjenne på alt som kom og at eg endeleg var tilbake i romma eg hadde lukka ei stund.
Fekk til og med selskap.
Som baud på underhaldning.
Ein av dagane kom mamma bort, og vi gjekk gjennom nokre av tinga hennar frå å ho var lita.
Tidenes augeblikk då desse dukka opp att - dukkeklede som Momma hadde strikka,
og som mamma trudde var tapt.
Og denne fekk eg.
Så fylte eg 26 og laga ei lol oreokake (glømte at sjokolademoussen skulle vere under det kvite; heile skiten seig jo ihop), og fekk besøk av to barndomsveninner. Koseleg feiring, og etter mitt hjarte. I alle fall akkurat då.
Frå boka Til trøyst. Å gje språk til psykiske kriser av Jan Inge Sørbø (meiner dei siste orda her er signert Alfred Hauge).
<3
SvarSlett<3!
SvarSlettDet er noe helt eget ved gamle hus fra besteforeldre, fullt av minner, og du setter så fint ord på det <3
SvarSlettNydelig! <3
SvarSlettSå vakkert skrevet. <3 Fikk litt vondt i hjertet nå, men på en fin måte(??).
SvarSlett