Solnedgangane ein kan sjå frå Skansedammen på fine dagar er bra motvekt til kvardagsrushet. Å berre kunne gå dit for å sjå dagen gå til kvile i eit nydeleg fargespel. Vandre rundt vatnet, høyre på musikk. Drøyme litt.
Ein dag tidleg i sommar hadde ein skuleklasse hengt opp sommarfugl-uroar dei hadde laga i trea. Det var så fint.
No rasar årets første hauststorm ute, og årets første virus i skrotten min. Ei uro når eg blir tvinga til å vere i ro, ikkje kunne gå på jobb, gjere alt det andre eg plar fylle dagane med. Noko som når meg att.
Kor tid vart det så vanskeleg å slappe av? Det var så enkelt då eg var lita. Å berre lese ei heil bok på ein dag. Eg drøymer alltid om moglegheita til det når dagane er fylte opp. Men når eg får den, klarer eg det ikkje.
Det er enklare når eg er ute, då. Ta med bok, og kanskje turhengekøya, og fare til ein hemmeleg stad der ingen veit kvar eg er, ingen kan få tak i meg, ingenting krev å bli gjort.
Det kan ein ikkje når det er storm og influensa. Men ser fram til dei fine, klare haustdagane som vil kome, òg her i ville vesten.
For eit nydeleg bilete! :)
SvarSlett