Sider

mandag 27. februar 2017

June gjer ting ho ikkje tør #1

Ein del av mandatet "Å vere pissredd for alt", som eg har teke veldig alvorleg, var lenge å unngå ting. Så plutseleg vart eg kjempemodig nesten over natta, og alle berre waow. Men den siste tida har eg krype littegrann tilbake i skalet igjen. Difor tenkte eg at eg skulle lage innleggsserie der eg utfordrar meg sjølv samt får synt almuen korleis eg kjem over umenneskelege hinder i kvardagen.

Først ut: reising. Av nemnde grunn hadde eg inntil nyleg berre vore i éitt land. Irland. Eller to, for vi reiste jo til Nord-Irland på den turen òg (linjetur med folkehøgskulen). Eller, dersom ein legg godviljen til, og det må ein jo i slike tilfelle, så må vi seie tre, for det er jo ikkje til å kimse av at eg var på flyplassen i København. Og sidan vi er i gang med å legge godviljen til, må eg nesten trekkje fram den gangen eg var djupt inne i Finnskogen på leiting etter nokre geiter, og plutseleg fekk svenske mobilprisar på SMS. Så når du tenker over det, er eg eigentleg litt av ein eventyrar.

Det eg skal fram til er at eg i desember fekk lagt til endå eit land på den lange lista over mine erobringar av landegrenser, då eg besøkte bestis som var på utveksling til Glasgow.

Der var det all Christmasy.
Foto: Ann Christin Willoch

I do. I really do.

Foto: Ann Christin Willoch

I parken fekk eg meg nye vener.
Foto: Ann Christin Willoch

Og fekk hoppa framfor ein skule der dei har spelt inn nokre scener til Harry Potter.

Foto: Ann Christin Willoch


Jento mi i botanisk hage.


 Der fekk eg teke statue-bilete, som visst har blitt mi greie på tur.

Det beste når ein reiser til utlandet - dette veit eg alt om - er eigentleg å berre sitje 
på kafé og gjere ingenting / skrive funni reisenotat.
Foto: Ann Christin Willoch

Og gå rundt utan mål og meining, for så å snuble innom ein bokhandel og dra kjensel på titlar.

Eine dagen tok vi toget til Edinburgh.

Der hoppa eg framfor eit slott.
Foto: Ann Christin Willoch

Så skjedde det heile livet mitt har leda fram til:
Kattekafé.
Foto: Ann Christin Willoch

Men dei var så sjukt hard to get.
Foto: Ann Christin Willoch

Sikkert fordi der var så mange reglar. For eksempel var det ikkje lov til å peike på kattane.

Men det var kanskje den tredje beste dagen i mitt liv.
Foto: Ann Christin Willoch

Eg fekk til dømes teke på ein nesten-nakenkatt som var gærn etter kake.

Sjå på meg, eg reiser plassar! Akkurat som dei folka som reiser plassar.
 

1 kommentar:

  1. Ser ut som en perfekt tur! Kattekafé og treklatring <3

    SvarSlett