Sider

søndag 5. februar 2017

Toget

Drøymer om å sitje på toget. Studere landskapet og folk som sit i kupeen. Skrive litt, lese litt, strikke litt, filosofere, runde spelelista, byrje på nytt. Vere så i ro og på plass som ein berre kan vere når ein er på veg ein stad.

Ein finsk forfattar, under det legendariske pseudonymet Rosa Liksom, skreiv i boka si Kupé nr 6 noko om at folk likar så godt å sitje på toget fordi rytmane og rørslane minnar oss om livmora. No trur eg ikkje at eg har så lyst tilbake til livmora, i alle fall ikkje på eit medvite nivå, men eg har lyst å sitje på tog.

I mai i fjor fekk eg forresten nyte gledene av å ha sovekupé på bergensbanen, og det var ei oppleving som skaka meg totalt. Fasilitetane var heilt insane. Eige rom, to senger å velje mellom, to flasker vatn berre til meg, øyrepropper, lite vindauge med gardin, og om ikkje minnet mitt køddar altfor mykje med meg no så trur eg at eg hadde noko slags vask og tannkrem òg. Men det beste var nok kjensla av å bli frakta fleire mil medan ein ligg i horisontalen. Sovne på Voss og vakne i Hønefoss. Det opplever ein jo ikkje så ofte.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar