Dersom eg skulle ha skrive tekstar for tida, så måtte dei ha sagt noko om barndomsminna som finst i lukta av gras og løvetannblad. Om låvesvaler som sirklar inn dagane, og kyrne på enga i låg sol. Blafrande klede i sola som blir glødande skuggar på husveggane. Dyreføter og dyresnutar mot handa. Å kvar dag stige ned i fjøsstøvlane, opne døra og gå inn i naturen. Å ligge i skogbotnen og kjenne vinden renne gjennom seg. Å grave orda ut av jorda, halde dei skjult i handa. For ei stund.
Nydelig <3 Nyt tida når alt spire og gror!
SvarSlettÅ. Så fint. Så fine ord og bilete.
SvarSlettSå så fint!
SvarSlett