Sider

søndag 9. juli 2017

And I'm not keen on destinations / So let's just take this where it leads us

To vekers bilferie til Nord-Norge. 4400 km tilbakelagt på veien, med synging i bilen og fullstendig overdrive konsum av chips og kjeks. Sommarregn som klaprar mildt på teltduken, frukostar ute, middagar med stormkjøken. Sightseeing på tørrfiskmuseum og i ulike fiskevær, ferjeturar med overprisa svelenostalgi og kortspel. Midnattssol og fisketurar. Sitte og tisse under eit tre og høyre på fossen. Bruke same ullgenser i to veker. Når bilen køyrer rundt ein sving, eller gjennom ein tunnel, og noko fantastisk openberrer seg etterpå, bilen svingar inn i ein lomme, girspaken går tilbake, og vi stig ut, tek det inn.




Reinebringa, Lofoten. Søstera mi sa til meg at eg måtte sjekke ut Reine, for pappa var så glad i den staden. 
Ekstra fint å utforske der med hans lusekofte på.


Ein landhandel i Nusfjord.

 

Og noko heilt uventa som fekk vere med på turen, vaks fram rundt oss og i oss.
Så no høyrer eg mykje på denne:


 

1 kommentar: