Sider

torsdag 20. desember 2018

#19 og #20

Teardrops on my piano og juleferie

Gårsdagens orsaking
var at eg var for overvelda av kjensler til å skrive
etter at eg fekk krysse ut nok ein ting frå bøttelista
grunna at han som er eit kryss der i seg sjølv
sa eg måtte opne gåva
som var for stor til å ta med seg vestover

det var ein draum eg har hatt sidan eg var ti
det var den finaste gåva eg nokon gong har fått
det var noko eg ikkje hadde forventa
noko han ikkje hadde råd til
det var tårer og rein lukke
det var eit mødderføkkings EL-PIANO 

...

 I dag
har eg juleferie
og knitring i hjernen
fordi eg skal lære meg ting
eg kunne før
som å kople saman høgre og venstre hand
i nye melodiar
for eksempel River Flows In You og den Forrest Gump-melodien
og lokke gamle kunstar ut i fingertuppane
Cavatina, Piano Sonata No. 8 og Ballade Pour Adeline 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar