Luke sju, åtte, ni, ti og elleve i verdas verste julekalender
Når ein først har gløymt heile greia
fordi ein jobba fjortentimersvakt
er det gjort
Kjeda er broten, juleanden øydelagt
Då kan ein like godt
gløyme det dagen etter fordi ein strikkar
til klokka 5 på natta for å bli ferdig med julegåver
sjølv om ein skal opp klokka sju
for å mjølke kyr
Og når ein først har gløymt det to gongar
og livet aldri blir det same att
kan ein like gjerne droppe det dagen etterpå
for å verkeleg marinere i slaskekjensla
Det er vel ikkje sånn
at ein då ikkje tek seg saman
på den fjerde dagen?
Jo, det er det visst fan.
Men i dag
i dag
er den første dagen
i resten av mitt julekalenderliv
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar