Eg ser absolutt verdien i å ha ein blogg, etter grundig overtenking over lang tid. Ni dagar, minst. Som Jo Nesbø (eller nokon) har sagt om skrivinga, at det er dei sjenerte si ekshibisjonisme. Jau. No kan alle som av ein eller anna grunn måtte ynskje det, lese om kva som foregår i MIN skalle og MITT liv, og eg får endeleg utløp for trongen til å utlevere meg sjølv og mine ekstraordinære tankar og påfunn. Hmm.
Ein anna (og mindre sjølvsentrert) faktor er at eg no kan (prøve) å skrive litt fritt, utan å redigere meg sjølv heile vegen (det har teke meg eit kvarter å skrive desse åtte-ni setningane, og det er ca tretten og et halvt minutt meir enn ønskeleg) - eg innbillar meg sjølv at blogging er ei god trening på akkurat det, med mindre eg har tenkt å sitje framfor dataen i timevis kvar dag med blogg, noko eg naturlegvis aldri kunne funne på. *Kremt*. (Mamma seier at ein vakker dag kjem ho til å kaste MIN kjære Herr Packard Bell i bosset mens eg er på jobb, men då seier eg at eg kjem til å kaste HO i bosset).
Anyway.
Eg proklamerte høgtideleg for mi kjære MICHELLE (<3) for ei tid sidan at eg skulle dedikere mitt første innlegg til ho og Den Vesle Prinsen. Og sidan løfter etter mi meining er til for å haldast; here it goes:
Eit nytt par auge å sjå verda gjennom
Under ei tjukk dyne, inni ein tjukk dress i den nye vogna. Det vesle hovudet, heilt stille. Porselensdokke. Eg ser på eit bilete, eit perfekt mala bilete av ein ukjent kunstnar. Plutseleg beveger det seg ørlite og dermed minner meg og at det er verkeleg; det er ein liten, mjuk person i lyseblå babydress som ligg der og berre er nydeleg.
(Noko av det eg lira ut av meg, proppfull av inntrykk som eg var, etter å ha sett ALEXANDER for første gong! Mitt kjære gudbarn; babyen til besteveninna mi)
... Og så er eg jo nøydd til å slenge med eit bilete av MIN førstefødde òg:
Ikkje dårleg, slett ikkje dårleg! Riktig flink å skrive er du, kloke ord óg. Alexander(og pusen sjølvsagt) er berre nyyydelig :)
SvarSlettKoz og klemz frå hemmeleg beundrar(tihihi) :)
NYYYYYDELIG! Både babyen, mora, gudmora og pusen! Baaaanaaaan! Og dette med blog er i sannhet god trening for deg min kjære!
SvarSlettÅåå! Du er søtare enn sukker, June. Eg dånar :D
SvarSlettÅåå, nei det e DÅKKE som e skjønnast! <3<3<3
SvarSlettNååååw, eg set her med tårer i augekroken! <3<3
SvarSlettSo flinke du er og skrive vennen<3
So fint du har skreve om Alexander!
Fortsett med å skrive om meg..øøh Alexander ;D
Gler meg til og lese det neste innleget her!!!! Klem Michelle & Alexander ;)
Ååå, tusen takk! :)
SvarSlettSå klart kjem det fleire innlegg om deg, øh, Alexander ;P
Stor klem <3
Det finnes ingen dato for når det er for sent å bestille minipris-togbillett. Det er rett og slett sånn at de har så og så mange billetter, og når det er utsolgt må du gå for de litt dyrere. De billigste er jo de som blir solgt først ;)
SvarSlettNydelig! :)
SvarSlett