I dag har eg savna folkehøgskulen så sterkt at eg fekk fysisk vondt sånn ca tjue centimeter under venstre skulder, inni der ein plass. Det heile vart utløyst av eit enkelt ord frå mamma, "misforstod", noko ingen andre enn dei 53 andre individa (pluss tilesette) eg har delt dei ni fantastiske månadene med, kan forstå betydinga av. Skredet byrja altså å rulle: Alexandra, Liva, Marianne, onsdagane hestane, Sussi, Irland (Å, Irland!), hugsar du då og hugsar du då, skuleplassen, den daglege turen til Spar Hylkje for å kjøpe Pepsi Max og Extra White, spaserturen over haugen frå internatet til skulebygget, å gå saman med Anke til undervisningsbygget etter middag for å sjekke posthylla etter alle breva som vi (les: eg) aldri fekk men alltid håpa på skulle komme likevel, springe i trappa for å kome først, klatre i tre, bli mobba for min langt framskredne sukettavhengigheit, alle utfluktene, gale påfunn, internatlivet og -folka, springing i gongen når eg var hyper om kveldane (Nugattimonsteret!), høgtlesing, lyden av popcorn som poppa, latter og skrål og musikk ein elska å hate, såpebobler, gøyme seg og skremme andre, husmor Inger, John Erik, Rolf sine kommentarar, kontordamene, Eirin, alle i klassen, Line; alle dei unike individa, ALLE! Og ALT!
Sakn, ja. Det gjer vondt, men på ein god måte. Sjølv om stikket kjem når eg tenkjer på at det var det året, og så er det over for alltid. Men kanskje det er akkurat det som er så bra med FHS - ein sluttar mens alt er på topp, slik at ein kan kapsle det heile inn i eit eviggodt minne som skal vare livet ut. Og: Korleis kan eg vere trist når eg har strålande sol i mi fagre heimbygd, og vindstille for ein gongs skuld (noko som gledar ho mor, plaga av nordavinden som ho er), og alt er grønt og stille? Men vent, det er meir! Eg har Henriette, som nettopp har vore og besøkt meg og min vesle skatt, eg har Michelle og gudbarnet eit steinkast unna (seriøst, eg kunne kasta stein på leiligheita deira frå trappa mi om eg ville, men det har eg ikkje så veldig lyst til), eg har kattekreka mine (neida, dei er høgt elska), eg har mamma, eg har elskelege vesen å snakke med i telefonen og møte jamleg, eg har Harry Potter og Føniksordenen, eg har Besøk, Vinter, Ettermiddag av Jon Fosse og Klem til en venn som eg fekk av Eirin dagen før vi reiste frå skulen, og som eg les berre litt i kvar kveld for å spare lengst mogleg, eg har Pepsi Max og eple med vaniljekesam, eg har flotte sykkelturar nesten kvar kveld, eg har teite program som Judge Judy og Ungkaren 37 eller noko sånt og geniale program som Americas Funniest Home Videos å le meg ihel av, eg har rommet mitt med skapet inni veggen, som få veit er mi heilage hole der eg kan ta med meg lommelykt og ei bok eller skriveriane mine og stenge mi eiga verd inne, eg har broderinga som har funne meg igjen, og filmar på dataen, for eksempel Broen til Terabithia som alltid får meg til å grine, og så vidare og så vidare. Og ikkje minst: Eg har funne Den Ultimate Teen! Ein kvit pakke Twinings Collection-greie, med - høyr, høyr! - intet mindre enn ALLE mine favorittar samla innanfor sine små pappveggar: Vanilje, sitron, four red fruits OG eple/kanel! Er det mogleg å få i både pose og sekk, koffert og bag? JA!
"Men kanskje det er akkurat det som er så bra med FHS - ein sluttar mens alt er på topp, slik at ein kan kapsle det heile inn i eit eviggodt minne som skal vare livet ut."
SvarSlettDer fekk du verkeleg sett ord på det, June! Takk! Nå saknar eg berre Hylkje ennå meir, etter eg las dette innlegget.
... Og kanskje det er det som er greia :)
SvarSlettTusen takk <3
June, så fin blogg!
SvarSlettJeg lagde iste her om dagen! Tror det var peach eller noe i den dur.
Tusen takk!
SvarSlettIste peach er den beste isteen :)
Så koselig blogg, June. Jeg savner deg og resten av hylkjebarna. Håper du har det fint, jeg skal følge med videre på blogginga :)
SvarSlettTusen takk, Elena <3 Så kjekt!
SvarSlettSaknar deg òg :)
Namnamte! Jeg hadde virkelig aldri trodd at du kom til å savne sukettmobbinga. Men nugattimonsteret! Ja sukk! Spycam under høytlesning? Jeg ser dypt konsentrert ut hvertfall! Jeg har også oppdaget vaniljekesam! Alle disse matvanene du har smittet over på meg :) I det minste er de forholdsvis sunne :)
SvarSlett"Forholdsvis"? Dette må du utdjupe! Og visst det er sukettane og Pepsi Max-en du siktar til, så har eg teke poenget!
SvarSlettHaha, du er ca null prosent konsentrert på det bildet; huska du ikkje at det var eg som ba deg posere med Harry P. en av dei siste dagane sånn at eg kunne forevige minnet? :P
Nei...jeg tror pepsimaxen har sletta hjernecellene som inneholdt akkurat det minnet. Og veit du ka?? Eg putta to sukketta i tekoppen min i barnehagen idag! Og veit du ka??? Eg syntes det var bedre enn én! Ka har du gjort med meg??? Derfor forholdsvis. Du kan vel ikkje si noe imot at én er sunnere enn to?? Uææææ du og mamma og alle språkforvirrer meg så heftig!
SvarSlettMen Anke, du forvirrer oss enda mer når du plutselig skifter fra så og si ren bokmål til kav vestlending! Og bare se hvor rart det blir når jeg prøver å skrive på ditt språk; akkurat SÅ rart er det for meg når du skriver "eg", "ka" og "ikkje" :P
SvarSlettOg btw: Suketter er sunt. Jo flere jo sunnere!