Night time is really the best time to work.
All the ideas are there to be yours
Because everyone else are asleep.
~ Catherine O'Hara
I natt var ei sånn natt igjen. Ei sånn natt då eg, akkurat idet mamma seier at ho tek kvelden og at eg snart må komme òg, vaknar til liv. Då slår eg av dataen, gnir tiltaksløysa ut av auga, og set meg ned med alle moglege slags prosjekt som dagen eigentleg skal nyttast til: Rydding, skriving, organisering, presang-laging, mailskriving, osv. Men sidan spesielt førstnemnde aktivitet krevjer meir lyd enn det mamma sine ømfintlege natt-øyrer tåler, må eg vere stillare enn stillast, og det er ikkje så lett når ein har gamle møblar (bråkete skuffer og skapdører) og tynne veggar. Så eg spør meg sjølv kvifor i all verda eg ikkje heller benyttar meg av dagen sitt rom for lyd, lys og handling. Svar: Fordi eg - som no, når dagen endeleg har trekt gardinene sine til side att - endar akkurat her eg sit no, med min kjære Packard Bell i fanget. Shit happens.
Søvnen fann meg i tretida i går, etter at eg hadde rydda rommet, arbeida meir på julepresangen til Henriette (nei, eg er ikkje tidleg ute. Sein med ROPETEIKN), organisert skriveriane mine, sett på bokomslaget til Snømannen av Jo Nesbø, boka eg har byrja på, men funne ut at eg - trass i kor spennande den er - ikkje kan lese i etter midnatt når det er stilt i hus, fordi eg blir så redd og innbillar meg at det er seriemordarar i skapet mitt som har snike seg inn der om dagen og berre venta på natta då eg skal falle til ro. Og at dersom eg ser ut glaset, har han laga ein snømann utanfor som ser mot huset for å markere at eg er det neste offeret. At det er seint i juni og snø er sånn ca eit halvt år på begge sider av kalenderen unna realiteten, er irrelevant. Om natta er alt uverkeleg verkeleg.
Før Jon Blund kom, byrja eg å tenkje på ein ting. Eg fekk nemlig ein følelse eg aldri har hatt før av at eg verkeleg ikkje ville sove for alt i verda, eg ville hoppe over søvnen så det fortast mogleg kunne bli dag igjen og eg kunne fortsette med prosjekta mine. Ville ikkje overgje meg til den, ville ikke trenge den. Så eg tenkte: Fins det folk som har angst for å sove? Eg har aldri høyrt om den type fobi før, men når eg tenkjer over det, må den no finnast - når det fins dei som er engstelege for latter (geliofobi) og for at peanøttsmør skal setje seg fast i ganen (arachibutyrofobi), liksom. Eg kan i så fall forstå den frykta veldig godt, kontrollfrik som eg er. For kva er meir utan for eins kontroll enn å kvar kveld legge seg og gje seg heilt over til ... ja, kva er eigentleg søvn? Dødens etteraper, i følgje Bjerke. Døden light. Det er jo kjempeskummelt! Alt kan skje i søvnen, hjernen koblar jo ut (i alle fall størsteparten av den), og timane fyk av stad utan at du veit kva som skjer, og så - etter det som verkar som 20 min men som eigentleg er ca åtte timar (seks og ein halv i natt i mitt tilfelle), vaknar du til ein ny dag, utan moglegheit til å angje nøyaktig tidspunkt for kor tid du sovna inn.
Som sagt: Skummelt. Men eg likar natta likevel, eg. Berre litt dumt at sommaren er for lys til at stjernene visast. Men eg veit at dei er der, og at når hausten kjem så kjem dei óg, for å legge sitt teppe over oss igjen. Det er nok.

Natten
Natten er til
ikke bare for glemselens ro.
Den er til
for din tro
og din tankes flakkende ild-
Natten her
er ikke bare et stjernevær.
Den er summen av livet og alt som er!
Ikke sov!
Natten er til for den som
våker og ser.
Det er om natten at livet skaper
og allting skjer,
men søvnen er dødens
efteraper.
Morgenens luft er som bølgeskum.
Dagen har varme å gledes ved.
Kvelden har fred.
Men bare natten har verdensrom!
~ André Bjerke ~
Frykt for å sove = Somniphobia ;) :
SvarSletthttp://www.dinside.no/503574/disse-fobiene-er-farlige
Eg gledar meg forresten noke grådig til dinna presangen du har brukt så god tid på ;) Syns Jonsokafta kan vere ein fin dag å få den på, viss den er ferdig då ;p
Tenkte meg det fanst et ord for det òg, ja :)
SvarSlettÅh, ikkje gled deg så veldig då! *Prestasjonsangst*
Haha, Jonsokafta hadde vore ei fin anledning ja, men så treig som eg er, blir den nok ikkje ferdig før neste jul :( Neida, har som mål å få den ferdig til julI :)
(jul - i (med trykk på i'en. Teit stor i som ser ut som ein l)
SvarSlett