Det ligg an til å bli tropenatt.
Eg vil at det skal verte morgon. Er åleine heime. Men mest vil eg det fordi eg fekk kjøpt meg ny bikini (the ordeal is finally over) og sommarkjole (på salg) i dag.
Det har vore ein fin dag i Førde:
- sol (varmt!)
- møtte ei god ei, knuste henne i handbak for øvrig (let ho meg vinne, tru?), så for vi på kafé og bruktbutikk. Fjellturen vår utsatt på grunn av VARMT
- gjorde kuppa nemnt ovanfor
- såg mange fine ting på min veg opp til sjukehuset som eg tok bilete av (kjem seinare)
- Nestea White Peach
- ein rånebil med fire over gjennomsnittet brune og utsjånadsmessig tiltrekkande gutar som sat og venta på grønt lys, hadde alle glasa opne (så klart, på grunn av VARMT), og let høge tonar straume ut; "Only Time" med Enya (!!!). Etter at eg hadde flira mæ ihjæl (som Guro ville sagt) ei stund, synest eg faktisk det var ganske fint. Dei såg så andektige ut. (Rett før han eine utbraut: FAEN då! Slutt å KØDD!)
Men no må eg bysse lalle. Med Harry Potter. IKKJE Harry Hole! Krim = nei, nei når ein er alein.
Haha, Enya i guttebil! Jeg har også kjøpt meg bikini :) Og nå har jeg svømt i Lake Powell, og skal snart stå på wakeboard :D
SvarSlett