Sider

onsdag 24. juni 2009

Det som er fint III

I dag har eg gjort noko heilt utruleg. Etter at eg kom heim frå jobb halv to, bestemte eg at resten av tida sola var oppe skulle tilbringast ute, og at uttykket "late dagar" skulle oppfylle si meining òg for meg. Så eg tok med meg Snømannen av Nesbø, eit glas iste-saft og frukt, før eg benka meg ute i ein stol for å prise sommaren slik den skal prisast: Med å bli herleg bedøva av solstrålar, ferielydar og -lukter som erstattar tankane og jaget om alt ein skulle, burde, måtte ha gjort.

Og her kjem vi til det utrulege: Det lykkast. Eg vart sitjande. Mens sola - ho som er utan kjennskap til våre måleeinheiter for tid, klokkene - umerkeleg bevega seg i ei perfekt boge frå aust mot vest, før ho blinka vennleg "på gjensyn" og la seg bak fjella for å lyse på nokon andre. Eg las, eg fekk besøk av Michelle og Alexander, vi et melon, jordbær og drakk Pepsi Max/Cola og prataogprataogprata, tok bilete, såg kattemor og lisjepusen utfalde seg på marka, tulla, fekk hysterisk morosame skilje (brystet mitt ser ut som flagget til Indonesia). Vi var ekte sommarbarn. Etter at ho hadde gått, fortsatte eg å sitte ute i den stolen.
Det vart til saman SJU timar!

Eg har ikkje hatt ro til å sitte i ro og føle ro på denne måten på tre år, trur eg.










Kommentar til det siste biletet: Fortsettelse, i form av bileteserie som skal illustrerte hendelsesforløpet som førte til at kattungen endte opp med å glefse i seg melon som ein utsvolten boms, følger...

3 kommentarer:

  1. Det høyres kjempekoseleg ut! :D Utruleg søtt det siste biletet :)

    SvarSlett
  2. :) Tusen takk for kommentarar, Silje!

    SvarSlett
  3. Du vet det June, at sola må jo kommer til oss her på andre siden av jorda også! Så når sola reuser fra deg, får jeg låne den noen timer! Elsker jordbærnesebildet! Idag har jeg sett tre store harepuser og en bitteliten. De var bare noen meter fra meg. Også har jeg sett masse salamandere!

    SvarSlett