(Dette innlegget skulle eigentleg publiserast i går, men vart ditcha til fordel for Jonsokbål og eit patetisk (og, unødvendig å seie: M I S L Y K K A) forsøk på å grille sjokoladebanan på pinne. Takk gud for gode veninner og Pepsi Max):
I dag var eg på min veg til ei avtale innom Drageseth Spar i Florø, som butikken heitte då eg budde der (i Florø altså, ikkje i butikken). Den ser ganske annleis ut no, nyinnreda og utvida. Men kjøtdisken er der den alltid har vore, og i dag - som alle dagar når eg er innom byen der eg gjekk på vidaregåande og hastar innom denne butikken, kastar eg eit kjapt blikk i den nevnte disken si retning utan håp om å sjå henne, det kjente ansiktet. Det har eg ikkje gjort sidan eg flytta, så kvifor i dag?
Men i dag var det eit velkjent, stort blått blikk i eit fjes eg har sakna så som møtte mitt, og vi stoppa begge i det stumme, tidsstoppande augeblikket som kjenneteiknar gjenkjenninga.
- Neimen June, er det deg?
Så tok ho av seg plasthanskane og kom rundt til mi side av disken samtidig som eg nærma meg ho med eit stort smil, og i neste augeblikk vart eg fanga i ein stor klem. Dei påfølgande ti minutta vi hadde til rådigheit før eg måtte springe, gjekk med til å smile i kvarandre sine auge, spørre om kva som er nytt, klemme, uttrykke sakn, klemme, mimre og klemme (eg trur eg fekk/stjal fem klemmar til saman før eg måtte haste vidare).
- Så godt du ser ut!
(...)
- ... har tenkt på deg...
(...)
- Det er SÅ godt å høre at du har hatt det så bra på folkehøyskolen; at du har det bra!
(...)
- Vi er så glade for at det gjekk bra med deg.
Setningane vart gjentekne saman med fleire stryk på armen, og eg såg i blikket at ho meinte det; alt. Då eg måtte gå, sa ho "Vent litt", og hasta bak disken og inn på eit rom for å hente noko, så kom ho tilbake med ein tohundrelapp og sa "Eg må gi deg nokre kroner, du er så grei jente". For meg som er så fattig (på pengar) no, var dette den beste gesten eg kunne få. Unødvendig å seie at eg var varm og god innvendig av alt dette då svingdørene og paraplyen slo seg opp for å møte duskregnet og våte gater. Eit mentalt notat om å skrive fleire brev til hausten og å ta imot tilbodet om å besøke dei når eg er i nærleiken, vart skrabla ned på tilsvarande hjarteblokk som den ho hadde teke fram for å skrive ned mobilnummeret mitt på nytt med.
Ikkje nok med at eg tilfeldig fekk treffe henne igjen - denne fantastiske hybelvertinna mi dei siste to åra på vidaregåande, då eg budde åleine - men ho kunne òg fortelle at eg mest sannsynleg kom til å møte mannen hennar på kaia, den like fantastiske hybelverten min, då eg skulle ta båten heim att, for han skulle vere der og hente dottera deira og barnebarna.
Og det gjorde eg. Klem og korleis har du det og så kjekt å sjå deg! Meir rakk vi ikkje før båten kom, og dottera deira pluss ei lita jente steig ut; ei pike eg drog kjensel på, reint bortsett frå at sist eg såg ho, tok ho sine første ustø skritt med besteforeldrearmar like ved, klare til å take imot, til å halde hendene ho strakte høgt over hovudet mens ho drog små bein etter seg på golvet. No var ho ei lita pike som spaserte ned langgongen med eine handa trygt bevart i mora si, kvinna som hadde ei barnevogn med ein ny liten ein oppi. Vesla hugsar ikkje meg, og sler dei lange, mørke vippene sjenert ned mot bakken når eg bøyer meg ned og smiler eit "hei". Men det gjer ingenting.
For dei hugsar meg, dette nydelege ekteparet som i dei to åra eg var deira leigetakar, ikkje visste kva godt dei skulle gjere for meg. Og eg hugsar dei. Det som var vondt denne tida kan ikkje tynge ned minnet om deira varme smil, om han som kom ned til meg med famnen full av vedkubbar for å fyre i vedovnen min for at eg skulle ha det hett og godt, eg som fraus og fraus. Eller om ho som alltid tilbydde seg å køyre meg der eg skulle - på butikken, til kaia (sjølv kor ofte eg avslo), og "vi kan hente deg òg!"; straumrekningar som vart runda RAUST nedover eller berre sett heilt vekk frå. Varme smil, genuin omsorg, i kvar handling. Det er så mykje: Skjønne barnebarn som leika i hagen og banka på døra mi og sjenert rakte meg ei teikning. Han - som slo plenen i hagen og som arbeidde med alt mogleg i og rundt huset kvar mandag og fredag då han hadde fri frå jobb, og alltid stilte på flekken når eg ba om hjelp til noko. Ho - som styrte med mat og hage, og alltid sa frå på forhånd når eg kom til å bli heilt åleine i huset dersom dei skulle reise vekk, og forsikra meg moderleg om at det var eit roleg og trygt nabolag. Begge - som med sine vare skritt over taket mitt, som var deira golv, vitna om tryggleik og at nokon var der.
Ein regntung, trøtt tirsdag. Det var slik den byrja, denne dagen.
Men då hadde eg gløymt menneska.
ååå :) Så kjekt! Trur ein skal leite lenge etter beire hybelvertar altså! :D
SvarSlettJa, det e no i alle fall sikkert :) Kjem aldri til å få så bra folk igjen!
SvarSlettHøyres ut som ein super dag :)
SvarSlettDet var det :)
SvarSlett