I dag hadde eg min første dag igjen på eit omsorgssenter for eldre, der eg hadde sommarjobb for to år sidan. Ikkje mykje er annleis der oppe, anna enn at bebuarane er litt færre. Men mykje er annleis inni meg sidan sist. Og det er fint. Veldig fint.
Det som òg er fint er å komme inn på rommet til den blant dei eldre som eg vart mest glad i, og bli møtt av eit ansikt som lyser opp, eit strålande smil, varme hender og hennar gode ord. Eg er så glad i eldre menneske. Blir glad av eit rynkete ansikt som sprekk i eit smil, av at dei nynnar i gongane, og brukar gammaldagse ord og uttrykk. Og at ho som kom mitt hjarte nærast ikkje bere kjenner meg att, men òg har tenkt på meg.
- Så godt å sjå deg! (...) Eg såg etter deg sist sommar, men då var du ikkje her...
Nei, eg var ikkje det. Men no er eg tilbake.
June, du er skjønn! Jeg savner deg kjempemye <3
SvarSlettSånne ting er veldig fint =)
SvarSlettElena: Du òg! Å, eg savna deg sånn! Spesielt når eg ser på bilder frå FHS og stoppa ved ett av deg og blir varm i hjertet, og når eg høyrer deg synge på CD-en som dåkke laga :)
SvarSlettAnnika: Ja, det er det :) Veldig. Dei små store ting som livet byr på :)
Kjenner meg veldig igjen i det du skriv. Jobbar sjølv på omsorgssenter i sommar, og veit kor givande og gledesskapande det er.
SvarSlettJa, ikkje sant? :)
SvarSlett