Sider

onsdag 1. juli 2009

Dagar

At alt kler den smukke er jo velkjent, men at Henriette kunne vere SÅ søt i mine knallraude, fake crocks, er jo ganske godt gjort, synest eg. Men Henri klarer jo det meste :)


Vi (les: eg) vart så sjokoladesjuke den dagen at vi fekk den lure idéen om
å ta sjokoladesaus (sånn som stivnar på isen) på saft-is
. Det var nam



Rusa på stivna sjokoladesaus og livet, måtte vi prøve att det gamle trikset med å prøve å få hovudet gjennom sprinklane over trappa til loftet
Henri klarte det lett (så klart), mens eg...


... må ha teke litt for hardt i med den sjokoladesausen i det siste...
(Neida, eg er fødd sånn. Det er mi unnskyldning for alt. Det og PMS).


Men det gjer ingenting når ein har marihøner





Dette er noko av det tristaste eg veit:
Småfuglar skal jo leve... I alle fall når det er sommar. Den hadde ikkje ytre skader eingong, så kan ikkje ha blitt påkøyrt av ein bil, fann eg og Henri ut.
Ho sa eg ikkje skulle ta på den. Men den var jo så fin! Fin i døden.
Er døden fin? Eg trur det.


Grotlesanden er alltid vakker. Henriette òg :)











Ein dag eg fòr på Grotlesanden for å bade. Heilt sidan eg vart fødd, omtrent, har eg vore der kvar sommar og bada (ikkje den sommaren eg VART fødd, då!). Men dei to siste åra har eg av ulike årsaker ikkje gjort det, og det er ei SKAM! SÅ no skal eg ta det igjen :)




Kan ein ha det betre?






Solveig i Dala var der òg, og ho hadde særs vakker neglelakk

Ein heilt vanleg dag i Førde, med tretti varmegrader og masse rart og fint å sjå,
berre ein ser etter





"Hest er best (som pålegg)" (siste ord strykt over, erstatta av):
"SOM BOBLEVEST".
Grr. Dumme folk.
Eg måtte - heilt mot min vilje, så klart - le bittelitt.

I vakre Kalvåg, hos vakre Momma







Ohoi, det her vart mange bilete, ja. Dersom det er sant at eit bilete seier meir en tusen ord, treng eg ikkje ha så dårleg samvit for at eg skriv så lite for tida; det her må jo tilsvare minst eit par romanar.

5 kommentarer:

  1. Så mange fine bilete! :) Den isen såg god ut, June. Takk for ideen det må prøvast ut!

    SvarSlett
  2. Ja, gjer det! Den er kanon :P

    SvarSlett
  3. Livet er godt hva!? Pusekatten er tydeligvis like nusselig som alltid! Og fiiiint bilde av deg! Orker ikke telle, så du får gjette selv (det der med huet i sprinklene :P hehe tulla :P) Harry Potter! Jepp! Han skal med! Jeg møtte på gigantiske plakater i Hollywood idag!! Død, ja Michael Jackson er død og tydeligvis veldig savnet: stjerna hans på Walk of Fame hadde egne bodyguarder og var full av plakater, blomster, lys og mennesker! Igår så jeg frustrerte fruer bli filmet og kjørte gjennom Wisteria Lane :D Universal Studios er gøy! Og Disneyland!! WohooO!

    SvarSlett