... men forferdeleg trøtt. Så no skal eg lalle pute, sjølv om klokka er berre kvart på ett (om dagen). Må vere klar til neste natt-økt med mine kjære eldre om ni og ein halv time.
Til natta som kjem skal eg ikkje vere optimist og ta med meg Harry Potter, broderi, dagbok, gladbok, diktbok og så vidare i det uendelege - men realist, og ta med meg Allers. Så skal eg re opp nattevaktsofaen, stige ut av crocksa, krype under pleddet, skumlese litt mens eg tenkjer mykje og ser ut i sommarnatta, med tre klokker sine usamstemte tikktakk som bakgrunnsmusikk. Før ei larmande ringeklokke til ein av bebuarane bryt stillheita og den tynne hinna av søvn som umerkeleg har lagt seg over auga mine.
Har alltid førestilt meg at nattevakt må vere eit slit, men du får det til å høyrast koseleg ut.
SvarSlettFordelen er at det er rolegare enn på dagen, mindre springing fram og tilbake. Og at ein har anledning til å slappe av og lese, dersom ein ikkje får sove. Ulempa er at dersom ein var så heldig å skulle få sove litt, er det garantert at nokon ringer med klokka akkurat idet du har sovna inn :P Men bevares, eg trur eg har hatt det beire enn mange andre nattevakter desse tre siste nettene (sjølv om eg er rimeleg trøtt no), i og med at det berre er fem bebuarar i avdelinga no (i natt hadde eg i tillegg avsvaret for dei psykisk utviklingshemma då, i nabobygget, så då vart det litt fleire. Kommunen min er så fattig etter Terra, så dei har sett seg nøydde til å slå ihop slik at èi nattevakt har ansvaret for begge bygningar. Var nervøs, men det gjekk bra:P) Korleis jobbar du? :)
SvarSlett