Sider

tirsdag 14. juli 2009

Ei flott helg

Eg har hatt ei strålande helg, og det fins mange grunnar til det. Til dømes at mamma hadde bursdag på fredag, og eg, Momma og dei tre syskena mine hadde gleda oss som små ungar til å overraske ho med presangen vi hadde slått oss saman på - ein bærbar PC. For ein del veker sidan hadde ho seg nemleg ei deppebyge då eg og ho var aleine her, over at ho ikkje kunne med data og - på eige utsegn - levde "i steinalderen". No er steinaldertilværet slutt (det skreiv eg òg i kortet hennar), og ho vart så glad då ho fekk overrakt sin spillers nye PC (heilt emo).

Ein anna grunn til den flotte helga er at eg fekk ein telefon frå Michelle på fredag om at ho berre måtte få kome opp ein tur for å gje meg bursdagspresangen min, endå eg ikkje har fødelseda' før i slutten av månaden. Ho kunne ikkje vente så lenge! Og då eg stilte meg opp i glaset for å observere ho idet ho kom opp - for å sjekke størrelsen på presangen, må vite - såg eg at ho kom gåande med eit kort i hende. Chiching, tenkte eg. Men det skulle vise seg å verte endå betre enn som så.

Eg opna forventningsfullt opp kortet, og ut datt ein tepose. "Ååå... Tusen... takk...", sa eg, og klistra på meg mitt beste glis (mens eg tenkte: det var jo ikkje yndlingsteen min eingong...) Michelle smilte lurt og sa at eg skulle gå inn på rommet ved sidan av badet og sjå kva som sto på senga. Eg let meg ikkje be to gongar. Og inne på det vesle rommet fann eg følgande vidunder:




Du vil ikkje tru kva det var! Det var - hald deg fast - ein skrivar! Ein SKRIVAR! Som ein kunne både skrive ut ark med tekst, bilete (fotopapir kom med!) OG kopiere! Fekk med blekkpatronar, USB-port og alt! Holdt på å DÅNE! Tenk så mykje kjekt eg og han Kent skal få det framover (ja, han måtte jo ha eit namn). Eg trur ho Michelle er gala'. Har ønska meg skrivar i årevis, og når det gjeld fotoskrivar, har det berre vore ein fjern draum. Som kunne bli sann, viste det seg!

Tusen takk Michelle!

På laurdag sette eg, søstera mi Malin og broren min Jan-Eivind kursen mot Fosnavåg for å ta del i barnedåpen til Madeleine. Det vart ein veldig fin dåp.

Kjekkast vart nok selskapelegheita etterpå, som vart heldt i huset til foreldra til min bror sin sambuar. Mykje god mat gjekk ned, mykje god prat fann stad, og eg for min del hadde stor glede av å leike bibliotek med tantejenta mi Emilie og dei to syskenborna hennar. Eg fekk låne både faktabøker og barnebøker, så lenge eg ikkje gjekk bak "disken" (beståande av ei solseng som var snudd på sida) på "biblioteket". Samt heldt meg til opningstidene, sjølvsagt.





I tillegg til at eg ikkje fekk fotograferte utan tillating, noko eg så klart aldri ville funne på.





Små skjønne englar, alle saman.

Kvelden før dåpen hang eg saman med Ingrid frå klassen min på folkehøgskulen. Vi hadde avtalt lenge i forvegen å treffast, og eg er så glad vi fekk det til! Var litt nervøs på førehand faktisk, då eg gjekk for å treffe ho på Meny-butikken der ho jobba, for det var jo to månader sidan sist vi såg kvarandre, og det var liksom i ein annan setting, med alle dei andre FHS-kidsa rundt oss. No var det berre oss to, og då er det jo lett for at det kan bli litt småpinlige pauser eller liknande. Men det vart det ikkje i det heile teke! Det var berre så utruleg kjekt å sjå ho igjen. Etter ho var ferdig på jobb, henta ho meg nede hos eldste broren min, og tok meg først med på ei lita omvisning rundt i Fosnavåg med bil. Det var herleg! Vi prata, ho viste, eg såg - spesielt godt likte eg turen til Runde, eit fjell som vi såg foten av. Då vi køyrte der på smale vegar i havgapet og såg på bølgjene som rulla inn over steinfjæra og tåkedisen som hang oppover fjellsida, samt alle sauene som hadde forvilla seg ned langs vegen, og eg og ho prata og lo, fekk eg skikkelig Irland-flashback!






Etter køyreturen, for vi på ein av dei lokale kaféane og fekk oss litt mat og drikke i skrotten, før vi for opp til ho, så eg fekk sjå kor ho budde. Huset ho heldt til var eit nydeleg hus med gard og alt, i skikkeleg fine omgivnader. Eg kunne gjerne budd der! Og huset hadde dessutan - som eg sa til ho då ho fortalde at bestemora hadde budd i det òg - sjel. Det var ei utruleg behageleg atmosfære der, eg slappa maks av. Vi sat for det meste i sofaen og prata om alt og ingenting, folkehøgskulefolk og anna folk, minner og framtidsplanar, morsomheiter og djupt alvor, mens vi et kake, jordbær og kjeks med smøreost, og drakk høvesvis kaffi og te. Eg kjende meg fantastisk vel i hennar selskap, der i det gamle huset med sjel.

3 kommentarer:

  1. Wow! I sannhet en fantastisk helg! Og så hyggelig å treffe igjen Ingrid :) Skulle jeg gjerne vært med på! Håper hun får det helt fantastisk i England :D

    Fytti grisen (unnskyld) for en bursdagsgave du fikk av Michelle! Har hun blitt rik eller?? Men så bra :D (gjett hvem som skal snylte på den når June ligger og sover om natta i det dobbelt så store rommet sitt!) :P

    Hvordan skal jeg trumfe det? Sorry mac, det tror jeg ikke er mulig. Det får bli en litt annerledes sjarm over gaven min istedet da :P

    SvarSlett
  2. Så bra at du har hatt ei fin helg!

    Veldig, veldig fin bursdagsgave :) Skal vedde for at den blir mye brukt ;)

    SvarSlett
  3. Anke: Ja, det var så kjekt å sjå henne igjen! Òg veddar på ho kjem til å kose seg (nesten) like mykje i England som det vi gjorde på FHS ;)
    Fytti katta for eit kraftuttrykk du brukte der! Tek jo heilt av :P Men JA, det var verkeleg litt av ei gåve! Herre min skaper. Eg har i alle fall funne mannen i mitt liv (Kent). Vi tilbringer all fritid saman no :)
    MEN: Du skal ikkje "trumfe" det! Henriette spurte om akkurat det same - eller, hennar utsagn var vel "korleis skal eg toppe det" - og eg seier akkurat det same til deg som til ho: DET SKAL DU IKKJE! Det er ikkje ei konkurranse :) Og eg blir glad for alt eg får! Det er heilt sant ;)

    Annika: Ja, eg hadde ei kjempehelg! Og bursdagspresangen kjem til å bli heftig brukt i alle slags samanhengar :P Kjem nok til å ønske meg blekkpatronar, papir og fotoark til kvar bursdag og jul framover :)

    SvarSlett