Sider

fredag 17. juli 2009

Dette er eit bursdagskort...

... til Lisa!


GRATULERER SÅ MASSE MED DAGEN!!!





Dagen er din, la den bli fin,
kos deg så mykje med kake og vin.
Men husk no på
å drikk Pepsi Max å',
elles får du frå meg eit stort grin.

Dette er eit dikt; eg veit du likar slikt,
og eg ser jo på det som mi største plikt,
å gje deg eit vers,
du er ikkje pervers;
tvert om så er du meget godt likt.

I alle fall av meg, som er så glad i deg
dessutan elskar eg nødrim, eg.
Men det ser du jo,
så eg sluttar no
men først må eg seie eit par ting til deg:

Presangen kjem, og du er gem
din humor løyser alle mine problem
og - ikkje bli sur:
Eg har nokre bilete på lur
som eg fann i mitt datasystem.

Eg legg dei ut her (som eg har ein tendens til å gjer')
for å vise alle kor nydeleg du er!
Sei no ifrå
Om eg skal ta dei vekk, då
Eller finn fram di mor sitt gevær.



KJEMPEGLAD I DEG!





(Bileta er fjerna i etterpåklokskapens lys).




(Dette innlegget er dedikert til Lisa og A. Vonheims Nødrimordbok.

7 kommentarer:

  1. Du er FLINK til å skrive dikt! :D Føler eg sitt her og les andre sine private bursdagskort - noko eg faktisk òg gjer. Men, ja, eg er imponert over diktinga di! :)

    SvarSlett
  2. Hahaha, seriøst? Over det tullet der eg komponerte på ståande fot? ;P

    SvarSlett
  3. Litt fake beskjedenhet der eller June? :P Men du vet at nå setter du standarden...alle bursdager framover (les: min) forventes det dikt! He, he! Neida, det skal du slippe :) Bare du ikke glemmer bursdagen min når vi er i Bergen, så blir jeg fornøyd!

    SvarSlett
  4. Fake beskjedenheit, ja jaggu ;) Takk så meget dersom de trur det der er det beste eg klarer å prestere! ;P

    Haha, eg skal PRØVE å ikkje gløyme den :) Så lenge du ikkje gløymer min når eg er med deg i Oslo ;)

    SvarSlett
  5. Hæ, har du bursdag når du er hos meg? Nei, nå kødder du vel!? :P

    Nøøøøøøh! (en rar oppgitt lyd!) Du har bursdag dagen før mamma og pappas bryllupsdag, og to dager før selveste J.K. Rowling og Harry Potter! Jeg glemmer da ikke det!

    SvarSlett
  6. Uff, kjem eg og forlorar bryllaupsdagen til foreldra dine? :(

    SvarSlett