Grunnen til at eg vart oppmerksam - nærverande oppmerksam, faktisk - på dette igjen no heilt nyleg, var at eg kom over ein artikkel om emnet i natt då eg sat og døsa inne på vaktrommet på jobb mens eg venta på at det skulle verte midnatt så eg kunne ta runda mi. Norsk Ukeblad skreiv om ein ung psykolog som no er aktuell med ei bok om nettopp dette, som har fått tittelen Lev livet nå - mindfulness i hverdagen (den skal eg lese, og det burde du òg gjere). Ho snakkar om kordan spesielt vi i Vesten stressar rundt med absolutt alt, og at vi nesten alltid er ein annan stad i tankane enn der vi faktisk er. Ho påpeikar dessutan at grunnen til det meste av stresset i svært mange tilfelle er tanken på stress - ikkje nødvendigvis sjølve stresset, noko som kanskje er ei forklaring på kvifor vi som lev i velstand, overflod og tryggleik i forhold til resten av verda - med andre ord; at vi er dei som burde ha vore lukkelegast - er dei som sprenger statistikken når dei gjeld psykiske lidingar.
Eg kjende meg veldig truffen. Det er ikkje så lenge sidan alt handla om at tida skulle gå, at timane måtte forte seg og renne natta i møte, sånn at eg berre kunne gå og legge meg. For å stå opp til ein ny dag med - vel, ingenting. Tida måtte gå, mot det som eg ville men ikkje ville. Og tida måtte ikkje gå, for eg ville ikkje vere med. Og berre dét og dét skjedde, ville eg verte lukkeleg, då kunne eg byrje å leve. Mykje av det jaget heng framleis igjen - heldigvis ikkje på langt nær så gale som det var. Men eg saknar likevel det som var først; barnet sitt klokkelause tilvære og dagar med leik, blåbærplukking, aking og alt det som barn gjer utan å ofre timar og kvarter ein tanke.
Fleire enn éin gong den siste tida - dei siste vekene, månadane og åra - har eg ønska at eg var innehavar av ein slags knapp som ved å trykke på den gjorde at eg slutta å ha tankane mine i framtida heile tida; at eg kunne få sleppe å bekymre meg over ting som "skal skje" (kva veit eg om det?) om eitt, to, ti og tretti år. I tankane mine har eg allereie gjennomgått - det vil seie: Førestilt meg. Nesten utan unntak blir ting aldri slik eg hadde trudd eller frykta, men det gløymer tankane mine så ofte - studieeksamenar, kjærleikssorg, graviditetar, tidsklemme, oppseding av tenåringar, tretti- førti- og femtiårskrise, overgangsalder, pensjonisttilvære, og så vidare og så vidare. Eg må nesten le (det gjorde legen min).
Og i går, då eg las om vårt vestlege stress, stressrelaterte lidingar, om å ikkje ha kontakt med seg sjølv på grunn av det hersens stresset; om dagen sitt samfunn der alt skal gå så raskt, om å gløyme å vere her og no, tenkte eg at eg vil prøve å gjere noko med det - akkurat der og då. Så eg sette meg ned i nattevaktsofaen med bladet i handa og tenkte at no skal eg prøve å vere tilstade i nuet med kropp og sinn.
Klokka er fem over halv tolv. Det er den 19. juli 2009. Eg er nitten, ikkje tjue eller trettiåtte. Eg fyller tjue om ti dagar, men det er ikkje her og no. Tre klokkar tikkar sin eigen melodi i stilla. Eg har ei pute bak ryggen og eplesmak i munnen. Pusten min går ikkje djupt ned i magen, men i litt kortare drag. Eg kjenner meg litt trøtt. Ansiktsmusklane slepp det strame grepet i ansiktet når eg byrjar å tenkje over det og let dei gje slepp.
Så langt gjekk det bra. Men nesten umiddelbart byrja eg å tenkje over at den artikkelen var så bra at eg var nøydd til å låne bladet med meg heim og kopiere den i MORGON, og så kunne eg levere det tilbake når eg skal på jobb på TIRSDAG. Dessutan burde eg skrive eit blogginnlegg om den. Og når eg først var inne på framtida sine dagar i tankane, fekk eg eit mentalt bilete av planleggaren min i hovudet, som låg i veska ved sidan av meg (planleggaren altså, ikkje hovudet), og kom på alle avtalar og planar eg måtte skrive ned/forandre på som eg enno ikkje hadde gjort. Og timelistene! Dei hadde eg jo ikkje skrive på enno. Skulle eg gjere det no, før eg måtte ta runda, eller skulle eg vente til etter MIDNATT? Eg må jo gjere det snarast, tenkte eg, for visst eg ikkje gjer det skikkeleg, får eg ikkje den løna eg skal ha i AUGUST, og då har eg kanskje ikkje nok til husleige og depositum, og kva med... STOPP!
Klokka er fem over halv tolv. Det er den 19. juli 2009. Eg er nitten...
Det er kjempevanskeleg! Verkeleg ei utfordring. Men òg verkeleg verdt det, skal vi tru den unge forfattaren og psykologen Rebekka Th. Egeland. For gevinsten kjem - når ein så smått byrjar å klare legge av seg stress og skulle-burde-måtte-tankar; samt når ein vågar akseptere angst og uro som ein del av livet utan å få panikk, men berre erkjenne at det er der, i tillegg til å observere vonde tankar utan å verken trykke dei ned i underbevisstheita eller møte dei med ei dømmande haldning. Den kjem i form av at ein då kjenner seg sjølv, er mindre sårbar for stresstriggande kritikk og konkurranse, i tillegg til at ein vel sjølv korleis ein vil handtere i sitt indre det som skjer i det ytre liv.
Livet er i konstant endring, men eg er heile tida June og har kontakt med noko stabilt inni meg (affirmasjon frå boka).
Akkurat no sit eg med føtene halvvegs i kors med dataen i fangen og skriv eit blogginnlegg om å vere oppmerksamt til stade her og no. Den høgre handa mi er litt klissete etter nektarina eg et, som er litt sur og litt søt - men veldig god. Katten ligg og søv ved sida av stolen der eg sit, dataen lagar putrelydar og bilane fresar forbi i vatnpyttane utanfor glaset til venste for meg. Eg veit ikkje kva klokka er.
Korleis ser din augeblink ut?
Utruleg bra skrive, June. Veldig kloke ord formulert på ein imponerande god måte. Eg trur du (ikkje psykologen) - for det er jo du som fortel meg dette - har eit godt og viktig poeng i det du skriv. Synd det ikkje er fleire morgonsamlingar, for dette skulle du verkeleg delt med fleire. Eg syns du burde sende det inn til ei avis eller eit blad. Få dine kloke ord publisert.
SvarSlettDu har forresten motivert meg til å prøve å gjere det same. Eg er altfor flink til å tenkje på - og spesielt bekymre meg for - ting som SKAL skje. Og som du seier, det er ser for meg, skjer som regel aldri.
Min augeblink ser slik ut:
Eg er 20 år og sit i mi uoppreidde seng på rommet mitt med dataen i fangen. Ved sidan av meg ligg veska eg hadde med meg på jobb tidlegare i dag. På golvet ligg klede, CD-ar, blad, ein penn, ein bamse, eit smykke ... Åja, du tok hintet. Det er med andre ord rotete her. Eg er litt trøytt og sliten etter ein tung dag på jobb, og eg tok nettopp meg sjølv i å sjå på klokka og tenkje "eg burde SNART legge meg", før eg greidde å kome tilbake til nåtida. Her eg sitt akkurat NÅ. Eg ser i taket og tenker på deg. Kor kloke ord du kjem med. Kor viktige ord du kjem med.
Dette er sikkert det lengste blogginnleggsvaret eg nokon gong har kome med, og utan at eg vil det, tenkjer eg FRAMOVER, og tenkjer at eg vil begynne å skrive ned ein augeblink på bloggen kvar dag. Men me får sjå. Eg må først leve ferdig nuet eg er midt inni.
Ååå, TUSEN millionar takk, Silje!!! Det er å få sånne ord som dette som skaper dei magiske augeblunka som gjev livet ekstra puls. Dette gjorde verkeleg dagen min! Skal skrive ut heile den kommentaren din og lime den inn i gladboka mi <3
SvarSlettSynest du verkeleg at dette kunne stått på trykk nokon andre stader enn her på bloggen min? Det er utruleg smigrande å høyre, men samtidig seier ei stemme i meg at eg nok har plagiert den artikkelen eg las meir enn eg anar :P Det blir ofte sånn når ein skal uttrykke eit inntrykk; det som kjem ut endar opp som ein kopi av det ein har fått inn, visst du skjønar I alle fall er eg slik :)
Det var ei kjempeflott skidring av eit augeblikk du hadde der! Og ein god idé å ha det på bloggen kvar dag :P Det kunne eg tenkt meg óg. Kanskje vi kan begynne med ein dag i veka til å byrje med, eg og du? :) Vi kan avtale ein fast dag for augeblikk-blogging! ;D
Jeg sitter med hodet litt på skrå, den ene foten i senga, mens tærne på andre foten såvidt streifer gulvet. Den eneste lyden jeg hører er viftene som spinner inne i min bærbare maskin, som balanserer oppå en pute foran meg i senga. Jeg tenker at det høres ut som om maskinen puster. Et langt sukk. Et langt drag med luft. Pust. For her og nå er det rom for å puste. Idet jeg skriver dette blir pcen med ett helt stille og jeg hører fjernt sus fra biler gjennom den lille glippa som vitner om at vinduet er åpent, selv om det er stengt nok til at småkryp ikke skal komme flaksende inn mot det fristende lyset fra taklampa mi, som må virke som en strålende sol i et innsekts nattemørke. Det er kaos på rommet, men her og nå, i dette øyeblikk kan jeg ikke gjøre noe med det. Jeg skyver tanken om rotet vekk. Ved siden av meg ligger pysjamasen, og med ett er jeg brakt ut av nåtidens øyeblikk. En pysj vitner om at det snart er leggetid. Snart er ikke nå. Snart er framtiden. Samtidig minner den meg om fortiden, der den er dekket av følgende symboler I<3NY. Men selv om jeg har tankene i både fortiden og fremtiden, så er jeg her, fysisk til stede i dette øyeblikk. Også psykisk. Kanskje har vi evnen til å være flere steder på én gang like vel, tenker jeg. Tankene våre kan bringe oss hvor som helst.
SvarSlett:)
SvarSlett"Sinnet er et eget sted, som kan gjøre himmel til helvete og helvete til himmel".
Kanskje ein kan til ei viss grad vere psykisk tilstade i nuet sjølv om ein har tankane i fortida og framtida. Eg har denne evna i lita grad.
Ja, eg syns du kunne publisert det! Det er dine ord sjølv om du har fått ideen frå nokon andre. Kan jo oppgi den andre artikkelen som kjelde eller noko :)
SvarSlettEg er med på å finne ein fast dag for augeblinkblogging :)
Kva med nettopp mandagar? ;)
SvarSlettEg er med! :)
SvarSlettI inclination not concur on it. I assume nice post. Specially the title-deed attracted me to read the unscathed story.
SvarSlett