Eg kan sjå på det slik: Jobben eg gjer no med eldre menneske, i deira heimar med å vaske mens eg prøvar å dele ut smil, venlege ord og eit klapp på skuldra når det høver seg slik, og i bukollektivet med nattevakter som består av å hjelpe til med alt frå å snu dei i senga til å lage frukost, lærer meg viktige ting om å vere medmenneske, og ikkje minst: Om livet si forgjengeligheit. Eg dannar meg mange tankar der eg går rundt dei eldre, og tar meg stadig i å verte klar over kor stort eit privilegium det er å kunne gå på do utan hjelp, og å kunne gå frå soverom til kjøken på to sekund utan å bruke eit hav av tid og krefter. For eksempel. Slike tankar kan modnast i meg og ein dag, på eit eller anna vis,brukast til det diktet eller den novella eg lengtar etter å skrive, men ikkje har skrivekløa eller anledning (les: ork) til no. Men ein dag. I det havet av tid som eg (forhåpentlegvis) har framfor meg.
Du har så mange år på å skrive, du har eit hav av tid, June!
Det var akkurat som om grå skyer glei til side i går då du fekk meg til å forstå alt dette og meir, etter at eg endeleg hadde klart å få ut orda som har ligge der ei stund, men som eg forsøker gøyme bak humor og tankar på alle dei som har det så mykje verre der ute. I dag har eg ikkje stressa, ikkje tenkt at eg heller burde gjere det eller det i staden for det eg inst inne har lyst til å gjere. For alt eg gjer no - om det så berre er å sjå ein film - legg seg til på botnen av kista vi alle menneske har - sinnet - der alle inntrykk og tankane rundt dei, opplevingane, kjenslene og minnene ligg. Og kven definerar kva som er meir verdt enn det andre? Eg stolar på kista mi si evne til å sortere, luke ut og skyve i framgrunnen det som er viktig for meg og mitt liv.
Det er år sidan eg kom til deg, og du skyva skriveblokk og kontortid i bakgrunnen for å gje meg tid og rom til alt det eg trong så veldig, men ikkje trudde eg kunne seie noko om. Du forsto det likevel. Du er fantastisk. Eg lurer så ofte på korleis eg kunne vere så heldig å få kome til akkurat deg. Men så er det akkurat det som vi har snakka om så mange gongar, og som eg no endeleg kan tru på: Kven er det som seier at ikkje eg skal få oppleve slike gode ting?
Og eg lurer så ofte på kvar du har fått den evna frå, til å lese meg som ei open bok - korleis du så ofte klarer seie akkurat det som løyser opp ei floke eg enno ikkje har fortalt så mykje om (men kanskje har du skjønt likevel?) akkurat når eg treng det mest; korleis du evnar å finne svar i meg på spørsmål eg enno ikkje har stilt.


"Det som er rett er det som gjev håp."
Så... det eg vil seie er vel berre eit stort - større enn også du kan ane, trur eg - takk.
Så godt å ha slike personar som veit å seie dei rette tinga til rett tid. Det er så altfor enkelt å seie feil ting til feil tid.
SvarSlettKjenner meg forresten veldig igjen i det du skriv om å jobbe med eldre.
Så sant, så sant :)
SvarSlettHei:)
SvarSlettJeg kom over bloggen din tidligere i dag og leste gjennom hele. Du skriver så ”behagelig”, ordene dine klinger så fint i sammen. Det virker som du har mye mer selvinnsikt og helt andre verdier en mange andre jenter på din alder. Ville egentlig bare si at det var en kjempe fin opplevelse å lese innleggene dine, og det kommer jeg til å fortsette med framover! Du gjør meg veldig nysgjerrig når du nevner fortiden din, jeg har selv en spiseforstyrrelse og kjenner meg igjen i mye av det du skriver.. Du trenger ikke si noe, uansett er jeg glad for at du har det bedre, du virker som ei kjempe fin jente!
Å, no vart eg rimeleg satt ut her! I positiv forstand, altså - det der er noko av det finaste ein framand har sagt til meg! :) (Anar eg verkeleg ikkje kven du er?) Dette var eit skikkeleg lysglimt på ein vanleg dag, TUSEN millionar takk!
SvarSlettNår det gjeld fortida og sånn, prøvar eg å opne opp for å vere meir open - denne bloggen er mellom anna eit eksperiment på det - men eg får meg enno ikkje (og mest sannsynleg vil det aldri skje heller) til å stå fram i full openheit på verdsveven her med mitt inste.
... Men nok ein gong: Tusen takk! Å få sånne tilbakemeldingar betyr så utruleg mykje.
SvarSlettOg tusen takk for at du vil lese bloggen min framover :) Det gjer meg usannsynleg glad.
Ønsker deg alt det beste, og masse lykke til med det du slit med.
Kjære June
SvarSlettDu vet ikke hvem jeg er, men jeg kom tilfeldigvis over bloggen din for noen uker siden, og er stadig innom for å lese. Du skriver så nydelig - sterkt, sårt og vakkert.
Ville legge igjen en liten kommentar i dag, for jeg kjente meg så godt igjen i dette innlegget. Vet så godt hvordan det er å ha en sånn person i livet. En som har evner til å se hvordan en har det og forklare hvorfor, før noen ord er sagt. En som er der med hele seg. Som har god tid, kloke ord og stor omsorg. Fantastiske menneske. Jeg var så heldig som fikk komme til min for åtte år siden. I fem år var hun der alltid, og hun holdt meg oppe og hjalp meg videre. Hun var der til jeg ikke trengte henne lenger. Til det var greit å avslutte.
Jeg trenger henne ikke lenger (noe jeg ALDRI trodde jeg skulle si for sju-åtte år siden), men det betyr ikke at jeg ikke savner henne. Noen ganger savner jeg så det gjør fysisk vondt!
Savnet kom tilbake for fullt når jeg leste innlegget ditt. Men på mange måter er det et godt savn. Fyllt av så utrolig mye takknemlighet.
Jeg er glad for at du har denne personen i livet ditt. En dag tror jeg du kommer til å bli en slik person for en annen.
June, jeg håper disse to kommentarene fra dem vi ikke kjenner kan hjelpe deg å innse hvor god du er, hvor vakkert du skriver, alt godt du gjør for andre og hvor langt du selv har kommet! Jeg er så uendelig glad i deg! <3
SvarSlettKlump i halsen her, og utan ord, men skal prøve:
SvarSlettK: TUSEN millionar takk for orda dine - om eg berre hadde nokon i mitt vokabular som kunne uttrykke kva det betyr for meg å få slike tilbakemeldingar.
Det er godt å høyre at du óg har hatt ein slik person i livet ditt. Utrulege individ, som gjev så mykje, og som er der med deg på vegen til å bli det mennesket du skal bli; vere den du er. Vener og familie vil nesten alltid vere dei som er nærast i dagleglivet, men det er så godt å kunne ha nokon andre óg. Som kan bli like nære, berre i ein anna setting. Eg kan ikkje sjå for meg i det heile teke at eg ein dag skal kome til å ikkje trenge henne meir - og det er heller ikkje nødvendig.
Så godt å høyre at du kan sjå på det som eit godt sakn, eit takknemleg sakn. Det ligg mykje klokskap i å kunne erkjenne noko sånt. Har de ikkje nokon form for kontakt i dag?
Og så vil eg berre seie at den siste setninga i kommentaren din gjekk rett i mitt inste. Eg har aldri tenkt den tanken, på at eg kanskje ein dag kan vere ei sånn for nokon.
Klem frå June
(PS: Er du den anonyme som skreiv kommentar her i går?)
Anke: Alt eg kunne sagt om kor rørt slike ord gjer meg, ville uansett aldri vere dekkande nok, så eg held meg berre til desse:
Tusen trillionar takk <3 For deg. For at du kom inn i dagane mine.
I morgon skal eg knusklemme deg på Oslo S! Så ubeskriveleg glad i deg <3
Hei igjen :)
SvarSlettVar ikke jeg som skrev den første kommentaren nei... Har egentlig ingen god grunn til å være anonym, så kan vel bare si at K står for Kristin og at jeg også har en blogg http://kristinliv.wordpress.com
Du er hjertelig velkommen til å stikke innom :)
Jeg har fremdeles kontakt med min gode hjelper - noe jeg tror og håper vil fortsette, og noe jeg setter utrolig stor pris på. Men jeg er et annet sted i livet nå, og jeg trenger henne ikke på samme måte som før. Likevel er savnet der, og da er det godt å vite at hun bare en en melding eller mail unna :)
God tur til Oslo!
Klem Kristin :)