Sider

lørdag 25. juli 2009

På ekte

Eit utval av dagen sine magiske augeblikk:

- Tanken på at eg skal til Anke i Oslo om intet mindre enn førti timar
- Bursdagspresangen eg fekk på forskot av Momma; ein pen sum, for å seie det sånn, som gjer at eg slepp bekymre meg over pengar i hovudstaden, men heller kan nyte kafébesøk og shoppingrunder med jenta mi uten dårleg samvit
- Ein kommentar på siste blogginnlegg som overraska stort (positivt) og varma veldig! (Håpar det ikkje er nokon eg kjenner som tullar med meg)
- Ei sky på himmelen i kveld då eg sykla på tur som såg heilt ut som ein delfin, og den store skybanken under den, som den spratt ut frå, såg ut som havet
- At eg klarte å leve i her og no ein heil sykkeltur


6 kommentarer:

  1. Det var jammen en fantastisk sky June! LOL! :D ;) Jeg stiller med paraply i tilfelle regn her i Oslo, men regnjakka er nok ikke å fordra siden vi har litt regn stort sett hver dag! Nesten litt som Bergen (minus vind) :D Du kommer snart!!!!!! Fint bilde du har på bloggen da ;)

    SvarSlett
  2. Håpa at eg er "jenta di" som du skal på shopping med? :)

    SvarSlett
  3. HÆH, rena det i Oslo?? Eg som har planlagt å fylle kuforten med berre sommarkjolar og så vidare? ;P Jaja, får ta med ei brok óg, då.
    Dissa du skya? Det var AKKURAT sånn den såg ut, skal eg seie deg ;)

    H: Ja, men då må du bli med til Oslo ;P

    SvarSlett
  4. Hei igjen:)
    Det var meg som la igjen den ”første kommentaren” for noen dager siden. Jeg ville bare forsikre deg om at vi ikke kjenner hverandre og at jeg ikke tuller med deg- jeg mente hvert ord jeg skrev (enda så dårlig jeg formulerte meg, huff)!
    Det verste er at når jeg så hvor glad du ble for kommentaren så gjorde du meg veldig glad også, kanskje det er smittsomt:) Håper du får det fint i Oslo!
    Hilsen P

    SvarSlett
  5. Søren! Kan ikkje vi heller ta det igjen i Bergen då? :D

    SvarSlett
  6. P: Om det der var dårleg, då lurer eg jammen på korleis du er når du formulerar deg godt! For meg var det i alle fall perfekt :)
    Ja, eg trur det må vere smittsamt - for no når eg såg at du vart glad for at eg vart glad, vart eg glad igjen ;D
    Eg har det strålande i Oslo! Håpar du òg har det bra, kor enn du er :)

    H: Så klart! Eg får løn igjen i september ;P

    SvarSlett