1) Klatre i tre
2) Sjå masse Disney-filmar
3) Hoppe på høyballar
4) Lære å slå hjul
5) Stå på rulleskøyter igjen
Eg klarte faktisk alle, så nær som nummer fire (treng framleis assistanse) før dagen opprant. Eg og Michelle klatra i tre og hoppa på høyballar, eg såg fråverande på Løvenes Konge og Pochahontas etter jobb, og eg vart bygda si første (trur eg) rulleskøytande heimehjelp. Så vart eg atten år. Og skjønte at alt det der kan eg gjere kvar dag resten av livet, så lenge helsa tillet det i alle fall. Så vart eg nitten, og endå meir sikker, endå meir barnleg i min vaksendom, eller vaksen i min barnlegdom, om du vil. For tjuefire minutt sidan er det tjue år sidan eg vart fødd, og eg har nesten ikkje tenkt på det. At tenåra er over, at ei sju år-lang epoke er over. For det har ingenting å seie. Eg lev no, og er mindre redd for å vere tjue no når eg faktisk er det, enn eg var for å bli det då eg var sytten.
Denne dagen kom med sol, denne dagen kom med regn. Den har liksom ikkje klart å bestemme seg heilt. Men det er greit, for vi tar alt som det kjem. Eg er i Oslo med nydelege Anke, og vi har stått opp då vi følte for det, ikkje til ein larmande alarm. Vi har ete langsam frukost på terassen med egg og nøtt-og-fruktbrød, heilt til fem blad av familien hennar kom på besøk, og eg enda opp med å hoppe på trampoline som ei Duracell-kanin med vesle I. på sju, før alle vi barna (ja, nettopp) - meg, Anke, B., L. og I. - spelte Boccia på plenen. Eg var berrføtt under sola, Anke hadde drop-dead-gorgeous sommarkjole på seg, og vi tok ting som dei kom.
Vi kulle eigentleg sykle ein tur opp til Bogstad gård etterpå, men regnet og tora ville heller ha oss sittande ute på terassen med frukt, Nemi og Harry Potter, så då hadde vi ikkje noko anna val, og det gjorde ingenting. Då sola ville fram igjen, ville vi det òg; så vi let bussen (snille mammaen til Anke som har kjøpt vekekort på buss, T-bane og trikk til oss begge) føre oss til eit kjøpesenter, der vi vart dragd (i alle fall eg) som viljelause magnetar mot fine, søte kjolar, skjørt, bukser på salg og knallrosa T-skjorte i ein størrelse som var to nummer for stor, men som eg berre måtte ha fordi det sto trykt på den: I intend to live forever. So far so good. Litt over ein tusenlapp fattigare, men to (NYDELEGE; eg vart så glad!) kjolar, tre bukser, eit skjørt og den nemnde T-skjorta (pluss mange gode kjensler) rikare, frigjorde eg Anke frå vente-utanfor-prøverommet-tilværet, og vi traska vidare litt før vi drog tilbake til det gule, venlege, elskelege huset på Røa - det som har sjel, ro og varme. Der peisa Anke saman Oreo-kaka som skal fortærast i morgon, mens eg for ein gongs skuld sto ved grytene og laga middag til oss - pastaputer fylt med ost, pluss ein god salat til. Og pesto, så klart. OG PEPSI MAX! (Vi badar i det for tida, Anke òg. Men det er lov; alt er lov i bursdagsveka). Så tok vi mat og drikke med oss ned i kjellarstova, og forsvann inn i Dykkerklokken og sommerfuglen, med det store perspektivet som den lurte med seg.
Eg er heldig. SÅ heldig. Og denne dagen har vore perfekt. Ikkje på grunn av store opplevingar, overflod av ting eller liknande. Men på grunn av venskap, varme, ro i seg sjølv og at ein ikkje treng stresse med alt mogleg, fordi det som regel aldri blir slik ein fryktar likevel. Og på grunn av at ein let seg drive med, tilpassar seg dagen sitt lynne, naturen sitt lynne, andre sitt lynne, eins eige lynne. Vi tar det som det kjem. Så enkelt, så vanskeleg. Men så enkelt.
Kan ein eigentleg ønske seg meir enn dette?
Augeblikket, Silje! I går var jo augeblikksblogginnleggdagen vår!
Å, kor skal eg velje blant alle desse augeblinka sidan eg steig ut av toget på Oslo S i forgårs og datt inn i armane til Anke for verdas største bamseklem? Huset deira, statuane i Frognerparken, tøys og tull utanfor Slottet, pizza og The Holiday i kjellarstova, "Eg kosar meg sånn, Anke!", Harry Potter-høgtlesing igjen, og meir og meir og meir.
Kanskje er det best med akkurat her og no?
Eg er tjue år. Det er litt rart å seie enno, men tanken på at livet er akkurat slik som det var då eg var nitten år og trehundreogseksitre dagar, viskar vekk den uroen lett som berre det. Eg sit i ei herleg, tjukk mjuk madrass - sånn ein synker ned i, og som tilpassar seg kroppen - på rommet til Anke. Lydane av tastaturen som klimprar, trafikken utanfor og Anke som romesterar lett på badet er berre behagelege. Lukta av kakaoen som sistnemnde overrekte meg saman med bursdagssong og -klem for førtifem minutt sidan er søt og god i nasa og smakslaukane. Eg er litt trøtt, og varm - både på grunn av temperaturen i rommet, og på grunn av alle bursdagsgratulasjonane som tikkar inn frå fjern og nær. Eg kjem til å tenkje på Hanne Krogh sine ord, som eg las i eit vekeblad på nattevakt for eit par veker sidan. "Jeg pleier å si til datteren min: Du er 16, og det er jeg også. I tillegg er jeg, 23, 33, og 43. Vi slutter aldri å vere noe, vi blir bare mer og mer".
Det var noko eg ikkje visste for to år sidan. At det ikkje forsvinn, men tvert om blir lagt til.
I dag stressa eg i to sekund med at eg måtte klatre i eit tre på denne siste dagen av tenåra. Men så slo eg det frå meg. Eg kan gjere det i morgon. Og neste dag, og neste dag.
Eg kan - med handa på mitt tjueårige hjarte - seie at eg kan ikkje ha det betre enn eg har det no.
Just a perfect day
Drink Pepsi Max (ok, den fann eg på) in the park
And then later, when it gets dark
We go home.
Just a perfect day
Feed animals in the zoo
Then later, a movie, too
And then home.
Oh its such a perfect day
Im glad I spent it with you
Oh such a perfect day
You just keep me hanging on
You just keep me hanging on
Just a perfect day
Problems all left alone
Weekenders on our own
Its such fun
Just a perfect day
You made me forget myself
I thought I was someone else
Someone good
Oh its such a perfect day
Im glad I spent it with you
Oh such a perfect day
You just keep me hanging on
You just keep me hanging on
Youre going to reap just what you sow
Youre going to reap just what you sow
Youre going to reap just what you sow
Youre going to reap just what you sow
Tekst: "Perfect Day" av Lou Reed
<3
SvarSlett<3
SvarSlettStod på du rulleskøyter?
SvarSlettTror ikke jeg har stått på rulleskøyter siden jeg var 12 år. Mao ti år siden. Akk. Kanskje noe å prøve igjen.
Disneyfilmer blir man aldri for voksen for. ;)
Håper du hadde en fin bursdag!
Ja, det gjorde eg :) Anbefalast! Løp og kjøp ;)
SvarSlettNei, Disneyfilmar skal fortærast på gamleheimen den dagen June endeleg får eit eitt-tal framfor alderen sin igjen ;) Bursdagen var kjempefin! Har ikkje du hatt bursdag nyleg? Er så dårleg på å sjekke det på Face'n. Grattis med overstått i så fall!
Har bursdag i morgen! :)
SvarSlettKanskje jeg skal finne frem en sykkelshorts og de gamle rulleskøytene. Nesten retro. :P
Blei skikkeleg glad av å lese innlegget ditt, June!
SvarSlettHugsar kor frykteleg eg hadde det natta til 10-års-dagen min. Eg grein og var heilt panisk. Var sikker på at eg ikkje kunne leike meir fordi eg var blitt i ein alder av tosifra tal. Ein kan kanskje le av det nå, men eg hugsar ennå den fryktelege følelsen!
I dag bryr eg meg ikkje så mykje om sånt meir. Eg leikar og finn på morosame sprell uavhenig av om eg er 5, 10 eller 20 år gamal. Eg gjer det EG vil :) Og barnet i meg kan eg ta vare på til eg blir gammal.
Forresten, eg skreiv augeblinksinnlegg på måndagen, men har ikkje fått lagt det ut på bloggen ennå! Skreiv på tysdagen òg faktisk, for følte det hadde så god verkand for meg å gjere det. Så, ja, eg har ikkje gløymt vår deal! (Æsj, eg irriterer meg eigentleg over bruk av engelske ord når ein kan bruke norske)
ÅÅÅ!! Så utrolig godt det gjorde å lese.. Det er så herlig at du har det så bra!!! Det er godt å finne barnet i seg =)
SvarSlettKlemmer <3<3<3
Charlotte: GRATTIS SÅ MASSE MED OVERSTÅTT!!! Anke skulle skrive gratulasjon frå oss begge på dagen din, så reknar med du har fått den :)
SvarSlettSilje: Åå, så kjekt at du vart glad!
Oi, tiårskrise? Den har eg faktisk ikkje høyrt om før! Tidleg ute, du ;)
Ja, ikkje sant? Barnet skal aldri dø. Det beste eg veit er besteforeldre som kan tulle, tøyse og leike. Eg er så heldig å ha ei sånn ;)
Å, augeblikksbloggdagen vår er jo i dag, den! Det skal eg hugse på til seinare på dagen :)
Engelske ord snik seg lett inn i min daglegtale óg, noko søstera mi faktisk bemerka her om dagen då eg dissa ho for å knote ;P Eg er så oppteken av å halde på dialekta, skjønar du. Men å ta inn engelske ord heile tida er jo minst like gale!
Siri: Tusen, tusen takk! No gjorde du meg veldig glad :)
Klemmar tilbake <3<3<3
jeg har glemt helt av å gratulere deg med dagen!
SvarSlettDet er aldri for seint, veit du! Tusen takk :)
SvarSlett