Sider

onsdag 5. august 2009

Ja, faktisk

Eg held fast på retten til å - heilt ubegrunna - rase mot heile verda og alt i den sin eksistens ein gong i blant. Som i går. Og i dag. Det inneberer eit lite kontrollert ras-sinne mot dei eg er glad i, syting, isolering og heftig synest-synd-i-seg-sjølv. For ikkje å nemne ytterlegare frustrasjon over at eg let meg synke så lavt når eg har så mykje å vere glad for. Blablabla.

Men som Anke seier: Det er lov med slike dager iblant.

Likevel: Stay away. Og ikkje ta det personleg, sjølv om eg gjer det med deg.

Men i morgon skin sola og sånn. Får ein tru. Det blir kva du gjer det til og alt det der, men av og til må det vere lov til å tillate seg sjølv ein nedover-smilemunn.

4 kommentarer:

  1. Mamma syns mannen ligna på meg. Vetsje om eg skal le eller grine! Trur eg velge det siste ;)

    SvarSlett
  2. Hahaha ;D Gjer begge deler!

    SvarSlett
  3. Det er i sånne stunder vi skulle vært tilbake på Hylkje, på rommet mitt, sånn at vi med god grunn og god samvittighet kunne ropt "Dra! DRA!" når folk banker på døra :P

    SvarSlett