Sider

torsdag 6. august 2009

Back on track

Ah, godt å ha landa igjen. No høyrest det ut som om eg har teke meg ein stor svevetur den aller siste tida, men det har eg nok ikkje. Det eg har gjort er at eg har lete meg føre med ein virvelstraum av negativitet dei siste førtiåtte timane eller så, og eg anar ikkje kvifor. Det er i alle fall det eg likar å fortelle meg sjølv.

Dersom eg hadde hatt ei vektskål - nei, ti vektskåler; ei for kvart "problem" - hadde dei vore i total likevekt, for eg klarer ikkje rangere no. Så kanskje ein ikkje skal snakke om vekskåler, men ei stor deig sett saman av mange små, akkurat like store. Iallefall: Poenget er at dei til saman blir ganske tunge. Og når det attpåtil er den tida der eg har svært lite motstandskraft, blir alt så mykje verre. Dei siste dagane verre enn nokon gong på det punktet, og eg forstår det ikkje. Jaja, det er ikkje farleg, sjølv om eg blir litt redd når eg får slike kjensler igjen. Berre eg minnar meg om at det er ikkje noko katastrofe, det går over, og manar fram tanken om "kva-er-det-verste-som-kan-skje?" ofte nok, kjem eg til det punktet der eg kan vurdere å tru på det.

Men eg føler meg ikkje heilt som meg sjølv. På ein måte.
Dessutan har eg skrivesperre.

Jaja; eg har i alle fall meir bakkekontakt enn i går. Då var eg ikkje "tilsnakkande", som mamma sa. Det var sjølvsagt berre tylepreik, og alt var hennar feil og sånn. Knis.


7 kommentarer:

  1. det er godt du har bakkekontakt igjen da! Får håpe morgendagen blir litt lysere og problemene litt mindre!
    <3<3<3

    SvarSlett
  2. Ja, en får som regel det igjen :)
    Tusen takk skal du ha!

    SvarSlett
  3. Som jeg sa til Ingrid; uansett hvor mange nisser som kommer og prøver å stjele sengene våre, eller skrivepult og skap, så skal vi tre få det så bra sammen at bølgen av glede oversvømmer alle nissene, så det eneste som blir igjen er luene deres som ligger og flyter som drivved og strander på en øde øy der de kan ha det så godt! ...nei; ha det så kjipt! For på vår øy er det bare plass til hyggelige mennesker (og nisser)!

    SvarSlett
  4. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  5. Amen igjen!
    Er det plass til husnissar, (halv)jøtular og trollmenn med? JA! ;D

    SvarSlett
  6. hol deg til bakkekontakt - det er skummelt med sånne svevende June´r :)

    stor lørsdagsklem, thea @ theam.wordpress.com

    SvarSlett
  7. Ja, eg synest det er litt skummelt eg òg :) Og det gjer nok også alle som er rundt meg då!

    Stor lørdagsklem tilbake

    SvarSlett