Sider

lørdag 8. august 2009

Oschlo i bilete

Endeleg har eg fått raska saman nok tiltaksork (ja, veit at det ikkje er eit ord, men tiltakslyst passar liksom ikkje, fordi det er ikkje det at eg ikkje har hatt lyst, eg har berre mangla ork) til å legge Oschlo-bileta inn på dataen, og sortere ut kva for nokre eg vil legge ut her. Som seg hør og bør når ein heiter June, greier man ikkje å velge ut eit par stykker, kanskje til og med opp til ti-femten, dersom ein føler seg ekstra vill og gal. Neida; femti. Som nemnt tidlegare (trur eg), har eg altså eit avgrensingsproblem. Jaja, shit happens.

Men korleis kan eg vel velge vekk eit einaste eitt av desse femti bileta? Må jo få med alt som illustrerar kor fantastisk eg hadde det i hovudstaden med Anke! Og då skal mest mogleg fram.

Eg har visst skaffa meg eit lite praktisk problem, med tanke på at desse bileta faktisk skal lastast opp òg. Det tar jo litt... tid. Difor ber eg om forståing for at denne Oslo-turen må dokumenterast i innlegg som kjem puljevis. Starting now.



Dag èin - Frognerparken/Vigelandsparken
(folk klarer ikkje å bestemme seg, og eg har jo ikkje peiling
)


Statuane der hadde fantastiske uttrykk!




Regnet skapa ein dramatisk effekt





Mange av desse statuane inviterte jo til tullebilete, vi hadde
ikkje noko val!





Det skal vere snickers og twist
(eg lente meg mot ganske mange front- og
bakparti den dagen)




Nei, slapp av, eg song ikkje for han. Hadde han ikkje vore
forsteina frå før, så hadde han i alle fall blitt det då...






Sinnataggen. Ser du likheita?




Eg let biletet tale for seg sjølv.






Eg likar hender. Det er min yndlingskroppsdel,
nest etter auge.




Legg merke til han fyren i kvit heildekkande
regnburka som sneik seg med på biletet. Eg helt på
å knekke då eg zooma inn på han! Priceless




Etter sightseeinga, var det tid for butikkar. Inne på Fretex
fann Anke det ho meinte måtte vere draumejakka mi. Av
ulike årsaker, vart det likevel ikkje noko kjøp...



På Litteraturhuset såg vi eit MEGET kjent fjes



Og på Karl Johan (?) trakka vi plutseleg på verdslitteratur



Men du, Ibsen, kva om det ein er fullt og heilt, ER stykkevis
og delt? Har du tenkt på det?







Amen.

7 kommentarer:

  1. Så mange morsomme bilder! Sinnataggen tok knekken på meg... hehe.

    SvarSlett
  2. Regnponchomannen foran slottet; lættis!! Han slår nesten John Cleese sin nakkeslenging i Kniggets-scenen :P ...men bare nesten! Sinnataggen: priceless <3

    SvarSlett
  3. Sara: Tusen takk! Hehe, eg gjorde mitt beste!

    Anke: Ja, han er i alle fall meget fotogen :)

    Visste du forresten at John Cleese sin bestefar eller noko sånt eigentleg heitte Cheese til etternamn, men det var nokon som ikkje klarte å uttale det, så då skifta dei familienamnet til Cleese :)

    SvarSlett
  4. Hahaha! Du er så genial June! ;) Og eg er einig med Anke, du skulle gått for den jakka. Perfekt for deg :D

    SvarSlett
  5. Haha, den er mykje verre i verkelegheita enn den ser ut på biletet, skal eg seie deg ;P

    SvarSlett
  6. Ja, jakka så faktisk overraskende bra ut på det bildet! :P

    John Cheese, hehe, nei det visste jeg ikke! Gøy! "Say Cheese"

    SvarSlett
  7. "Say cheese, you knigget!"

    SvarSlett