Sider

søndag 16. august 2009

Let it rain

Sidan eg no er inne i trenden med å skrive eit blogginnlegg om dagen, kan eg likegodt skrive om alt mogleg mellom himmel og jord (som om eg allereie ikkje gjer det), berre for å oppfylle dette sjølvpåførte kravet. Som at eg bur i Bergen. Og at det regnar i usannsynlege mengder, akkurat som om denne byen går inn for å vere ein parodi på seg sjølv. Og at eg har sykla tur i dag, blitt vååååt, møtt Lisa, fore på kafé med ho, blitt endå meir våååt, og at følgjande gullkort vart ytra av denne geniale jenta idet eit ubedd vindkast vrengte paraplyen hennar:



"Eg synest at vi burde fått paraply-stipend..."



Det er det beste eg nokon gong har høyrt. Er det ikkje det beste du nokon gong har høyrt?

5 kommentarer:

  1. Haha, så godt sagt!

    Stod det igjen ei øskje som var mi på Åsane, sa du?

    SvarSlett
  2. Haha, genialt!
    Personlig har jeg gitt opp paraply pga mye vind og investert i regnjakke- og bukse. Skulle paraplyen din bli ødelagt innenfor rimelighetens grenser, finnes det paraplyreparatør i Hollendergaten. ;)

    Håper du og Annke har det strålende på litteraturstudiene. :D

    SvarSlett
  3. Silje: That's right :)

    Charlotte: Ikkje sant? :)
    Ja, regnjakke og bukse er inntakt - no manglar berre støvlane!
    Paraplyreparatør, seriøst? Haha :) Ikkje at eg trur eg nokon gong kjem til å fare dit med mine 20-kroners nilleparaplyar, men greit å vite at eg kan ;P

    Vi har det kos! Håpar du får det same på Skrivekunstakademiet :) Og husk te-daten!

    SvarSlett
  4. Jo, det er nok blant de beste og fornuftigste utsagnene jeg har hørt i min Bergenstid! Ja, for paraplystipend høres fornuftig ut! Men jeg må jo si at du June, nesten trumfer dette med sitatet 10. august om vårt debut på universitetet påfølgende dag: "dette er den siste dagen i resten av våre liv!"

    SvarSlett
  5. Takk takk, eg ser fram til å bli genierklært i framtida :)

    SvarSlett