I dag har eg, Anke, faren til Anke og minstesystera til Anke vore på IKEA. Der var det... laurdag på IKEA. Eg treng sikkert ikkje utbrodere.
Men eg vil gjerne trekke fram paradokset i at dei spelte "Smak av honning" med DeLillos over høgtalaren, mens vi - altså den enorme flokken materialistiske stressobjekt som vi menneske er - skyva handlevognene (unnskyld: pallane) mot nye høgder. Eg synest vel eigenleg ikkje at dei mjuke linjene Å vite at man ikke har behov for noen ting / Nei bare kjenne gleden over alt som er omkring / Det er hva jeg kaller en smak / Av honning, ikkje passar heilt til svettande andlet som har ansiktsuttrykk som seier "ALDRI meir", "Flytt deg, for f..." og "Kvar er Ivar-hyllene?!" Det gjorde heller ikkje saka betre at songen vart abroten av hastige høgtalar-stemmer som kvart sjuande minutt erklærte at Andreas og Mathilde venta på mamma'n og pappa'n sin ved ballrommet, vennligst kom dit. Men eg måtte flire rått innvendig av heile greia, så det vart ein gledens dag likevel.
Dessutan fekk vi så mykje av det vi skulle ha til leilegheita! No har vi snart ikkje lenger behov for nokon ting, og kan sette oss ned i vår herlege bopel og berre kjenne glede over alt som er omkring. Vi kallar det kanskje ikkje ein smak av honning, men det er i alle fall ein smak av det herlege studentliv.
Faren til Anke er handyman og har skrudd saman hyller og festa knaggar for harde livet i dag, til stor glede for oss hjelpelause kvinnfolk (neida). Men det er så godt å ha nokon å lene seg på når det gjeld sånt, synest i alle fall eg. Korleis skulle eg ha ordna alt det åleine, eg som verken har sertifikat eller steroidar til å bygge musklar sterke nok til å bere halve IKEA ut i bilen (eg ikkje har) med? Nei, takke seg til snille foreldre.
Samme mannen køyrte oss òg ut til Åsane FHS, så eg fekk henta sykkelen min pluss dei andre tinga eg har hatt ståande der. Ein sekk, ein bag og ein stor bossekk, med innhald som eg ikkje ANTE kva besto av, endå det er berre tre månader sidan eg pakka det ned. Det seier litt... Om kor få ting det er ein eigentleg treng, og kor mykje det er som ein trur ein ikkje kan unnvære, men som ein ikkje ofrar ein tanke når det ikkje er der. Med mindre ein veit at ein har mista dei, då; veit om eit konkret tap. Då kan vi til og med innbille oss at vi har mist noko vesentleg.
Men alt det som er viktig å behalde, ber vi inni oss, meinar eg. Til einkvar tid. Alle minner, verdiar og alt. Likevel vil eg ikkje undervurdere magien i å finne fram ein bortgøymt gjenstand og få det herlege minneskyllet strøymande innover seg. Ei lukt. Ein tid. Ein tanke. Ein person. Eit minne. Lykke.
Men kor mykje av det eg har raska med meg frå det som sikkert er Europas største møbelbillegkjede i dag, er noko meir enn berre materialet dei er laga av? Ganske få, vil eg påstå. Heldigvis har eg mange, mange ting med historie, eller ting som eg har fått av spesielle personar, kanskje i spesielle epokar av livet. Som det puslespel-biletet eg la inn bilete av i forgårs. Og kven veit, kanskje vil den nye, kvite Billy-bokhylla eg gjekk til anskaffing av i dag, vere gjenstand for ny historie og nye minner?
Hos kontordamene på FHS har bamsen eg brukte over eit halvt år på å lage i timane til Solgun, på teddybjørnverkstad, stått sidan eg slutta der i midten av mai. Eg klarte å gløyme den. No skal bamsevaktane få fri, men dei seier dei kjem til å sakne å ha den inne hos seg.
Eg vart så glad for å sjå den att, lukte på den kvite "pelsen", kjenne om stinga eg prøvde å sy så omhyggeleg framleis sat. Det gjorde dei. Den bamsen minnar meg om noko eviggodt som aldri vil rakne. Sjølv om dei ni månadene gjekk så altfor fort.
Teddur (min bamsevenn frå Åsane) har fått ein fin sitjeplass her på hybelen. Eg saknar Søngøn/Sungu/Solgunn.
SvarSlettEg òg :)
SvarSlett