Sider

fredag 14. august 2009

Eg bur i Bergen

Korleis KUNNE eg kaste mine kjære følgesvennar som har vore trufaste mot meg gjennom ild og vatn (mest vatn) så lenge? Berre fordi dei var tre-fire hol i dei, så store at eg vart søkkvåt på føtene av å trakke på kvart minste fuktige parti på veien? Det har då aldri drept nokon å fryse på seg influensa ein gong i blant. Eller, kanskje har det det. Men uansett: EG ANGRAR!

Men kva kan eg seie? Eg var ung og dum, og det var vår. No er eg ikkje nitten og tre kvart lenger, eg er tjue. Eg er ikkje dum lenger, eg går faktisk på universitetet. Heller ikkje er det vår, det er haust. Det regnar. Og eg leitar etter nye støvlar. Men saknar dei gamle... Som no ligg på ei eller anna søppeldynge og fungerar som ly for åtselfuglane. KORLEIS KUNNE EG?

Eg vill alltid sakne dykk.




Eg hadde heldigvis respekt nok til å ta skikkeleg farvel.

10 kommentarer:

  1. Eg er ekstremt skuffa, June! Til og med EG hugsar dei støvlane frå Åsane!

    SvarSlett
  2. :-(:-(:-(:-(

    EG ANGRAR, SILJE!

    PS: Var på Åsane i dag og henta nokre ting eg hadde ståande på lageret på trearen, og der såg eg ei kasse med dott namn på :) Vart litt emosjonell! <3

    SvarSlett
  3. De gummistøvlene var så fine

    SvarSlett
  4. Veit ho Solveig om ditta? :-O

    SvarSlett
  5. Ragnhild: Eg veit... Og ja, dei ER fine, sjølv om dei no sikkert er halvråtna og brune og fulle av søppelvatn :-(

    Henri: Å guri, håpar ikkje ho les bloggen!

    Solveig: Om du les dette, så vit at eg har hatt enormt mykje glede av mine tobeinte følgjesvener! Men kva kan ein seie? There were too many holes (in my heart) ... :-(

    SvarSlett
  6. Prøver du å pådra meg dårlig samvittighet for at jeg kastet mine følgesvenner?? Minnene vil jo alltid være der, og kanskje det er nettopp det som gjør historien om dem så vakre. Husk at jeg har dedikert et helt dikt til gummistøvlene dine, så ikke kom her og kom her. Når jeg ikke er bankkortløs snylter lenger, så kan vi se etter nye venner sammen :P Vi skal kjøpe oss venner LOL

    SvarSlett
  7. Alt handler ikke om deg, lissom! ;) Ja, einig i det med minner. Sjå det nye innlegget!

    Eg er med på å kjøpe oss vener! Når eg får stipend og du bankkort, så stikk vi ned i sentrum for å sjå oss rundt etter nye friends ;)
    LOL <3

    SvarSlett
  8. Ta det med ro, June! Dei støvlane der kom nok til himmelen <3

    SvarSlett
  9. Ja, eg trøstar meg med det <3

    SvarSlett