Men ikkje minst er skolten full av tankar. Augeblikksprosjektet gjekk ad undas første skuledag, der eg gjekk rundt på universitetet i full innvendig panikk over alle vala, alt som skulle skje i framtida - bachelorgrad, kanskje mastergrad, har eg valt rett studie, kva om eg vel feil spesialisering, kva om dobbel spesialisering blir for mykje, kva om eg ikkje spesialiserar meg i eit språk og det viser seg å vere ugunstig for framtidige jobbmoglegheiter, kva om studiet blir for vanskeleg, kva om alle i klassen har lese meir enn meg og eg er den dummaste, kva om eg opnar kjeften i grupper og seier noko heilt idiot, kva om eg aldri opnar kjeften, kva om tida no går kjempefort fram til eg blir voksen og skal jobbe og endar opp i offentleg forvaltning eller undervisning, slik administrativ koordinator sa at dei fleste som studerar litteratur gjer - så fort at livet er over før eg har fått realisert noko av det eg har drømt om?
Kva om ingen kjem til å like meg?
Slik gjekk eg rundt og virra, og uansett kor mange gongar eg prøvde å fotelle meg sjølv at eg framleis er BERRE 20 ÅR, og at eg ikkje gjer val no som stakar ut retninga på livet mitt for evig og alltid, at alle dei andre førsteårsstudentane mest sannsynleg følte det same (i alle fall noko av det), uansett kor sjølvsikre dei såg ut, gjekk det ikkje skikkelig inn. Ikkje før Anke bekrefta det med sine tankar om saka og bekymringane. Av og til må ein berre ha nokon andre sine ord til å stadfeste det ein eigentleg veit inst inne men ikkje klarer å finne ro med, når ein berre har si eiga vesle stemme å stole på, som kviskrar så svakt på slike dagar då alt er nytt og skummelt.
Det går bra. Eg er så heldig som har moglegheita til å studere fag som verkeleg interesserar meg.
Eg er så heldig som bur i så koseleg leilegheit saman med to kjempeherlege jenter, Anke og Ingrid.
Sjølv om (nesten) alt er nytt, er eg framleis June. Desse tankane om at alt må vere annleis frå no av, og om alt eg må gje avkall på, kjem innanfrå. Dei kan endrast. Alt kan vere som det var, berre at eg er ein annan stad. Og tenk på alt eg kjem til å få lære! Både med tanke på det faglege innhaldet, og på dei nye måtane å tenke på. Som ein av professorane sa første dagen:
Utdanning gjør dere til bedre mennesker.
Eg har teke til på utdanninga mi. På ekte!
"Å ta sjansen er å miste fotfeste en liten stund.
Å ikke ta en sjanse er å miste seg selv."
- Søren Kierkegaard -
Å ikke ta en sjanse er å miste seg selv."
- Søren Kierkegaard -
Og dessuten har eg eit kjempekoseleg rom, sjølv om eg ikkje er heilt innstallert enno:
heilt sikkert var til å henge tørkestativet på.
gjeng i ei heilt anna epoke av livet. Mange timar vart brukt over eit
langbord fullt av brikker. Tilsynelatande eit håplaust prosjekt.
Men det var det ikkje :)
Det biletet betyr veldig mykje for meg.
Og sjå, alle brikkene er på plass..!
Herligheit så mykje rart eg fann nedi dei kassene!
Håpar eg på universitetet blir flinkare på det estetiske
ved notatskriving enn eg var på vidaregåande :)
Men det ser ut til at spansklæraren min
kunne trenge ei innføring i skulle-burde-måtte-tenking ;)
Eg saknar òg Mamma. Og storebroren. I tillegg til ytterlegare to par mor og søn:
Men det er sånn det skal vere. All is well.
Hahaha! Bra nattbord June ;) Vi bruka skittentøykorga til nattbord :D Menne..Lurte på ein ting; Saknar du ikkje meg? ;(
SvarSlettSå KLART saknar eg deg! Men du kjem jo om få dagar :) Føler liksom ikkje at eg har left you behind, i og med at du skal vere tett ved mi side i heile år og mange år framover (?) ;)
SvarSlettHaha, skitentøykorg til nattbord; då er jo dåkke verre enn meg!
Det minte meg på: Eg må kjøpe meg skitentøyskorg. Ikea baby. Blir'u med? ;)
Jau! Det er no sant ;p Eg rekna med det var derfor du ikkje hadde nevnt meg :D
SvarSlettEr vi? Det er jo lokk på skittentøyskorga då :/ Tinga ligge ikkje oppå skittentøyet liksom.
Jepp! Sjølvsagt er eg med! Får berre håpe eg klare å styre unna alle fristelsane :S
Det var lettare då faga heitte norsk og matte. Nå er det ex-phil og ex-fac og pskyk-både-100-102-og-102. Det kjem til å ta litt tid å lære seg kva som er kva.
SvarSlettBra å høyre at du trivst! Du har i alle fall fått det veldig fint i leilegheita! :)
Eg har minst like fint hyllesystem som nattbordet ditt. Mitt hyllesystem - den såkalla pappøskjehylla - har til og med fått eit teppe over seg og ein duk oppå. Lenge leve pappøskjene!
Pappkassenattbordet mitt har òg fått duk :) Men no seier Ingrid at dei har sånne nattbord til 40 kr på IKEA, så det spørs om ikkje denne øskja får eit kort liv :/
SvarSlettJa, heilt einig med det med fag. Og eg syns at alle forelesarane snakka om faga og kodane og alt som om alle veit akkurat kva det dreier seg om, sjølv om alle i rommet er førsteårsstudentar ;P