Aker brygge (det var det, sant, Anke?). På vegen dit sto ein
mann med Expert logo på stand'en sin, og rakte to krone-isar
mot oss med orda "vil dere ha is?" og eit stort smil, og - dette
rokka ved heile mi verdsoppfatting - INGEN KRAV! Ingen
"fantastiske tilbod", ingen reklame, ingenting sånt. Berre is, smil
og "ha ein fin dag!". Eg var eigentleg mett, men kva for idiot ville
sagt nei til noko sånt? Det var to stk. smilande jenter med kvar sin
krone-is som fortsatte turen mot Aker brygge (?) ein solskinsdag.
Sjå fiskane!
Oschlolosen (vi tenkte på Ragnhild der oppe!)
Fire, you knigget!
Ein tankefull knigget.
Det var ein gong to godtruande jenter som
skulle sykle seg ein tur til Bogstad gård med tynne
jakker på, og digitalkamera og Harry Potter- bok i ein
ikkje vatntett pose. Så opna himmelen seg, og
jentene vart dyvåte på ein augeblink, noko
som kunne forsura vandringa over stokk og stein. Men
desse jentene let seg ikkje målbinde, sjølv ikkje då ho som
dei kalla June altfor seint kom på at ho hadde ein paraply i den
gjennomtrengelege posen. Sykkelseteposar vart med makt
rive av sykkelseta og trukke over digitalkamera og
Harry Potter-bok. Like etter titta sola fram.
Snipp snapp snute, det var nydeleg der ute!
Regnbogebrua.
Så utrolig mange fine bilder :)
SvarSlettDet ser ut som du hadde en flott tur til Oslo!
Tusen takk :)
SvarSlettDet hadde eg! Skulle gjerne hatt ein dag eller fem ekstra ;)
Gode minner, eller hva!? Kameraet ditt tar kjempefine bilder, og jeg er veldig glad for at du er en ivrig knipser, sånn at jeg kan få snylte på alle bildene jeg ikke tok selv???! Lage scrapbook :D Nå kommer du snart til Bergen! Jippi! Vi sitter her i stua og sløver foran tv'en. Jeg har gjenoppdaget tv etter et år!
SvarSlettUnnskyld meg, men skal kameraet få ta heile æra? ;) Greit nok at det er hjernen bak bileta, men kor langt hadde det vel kome utan meg og mitt eineståande blikk for magiske augeblikk? ;)
SvarSlettHåhå, nei no må eg legge meg før sjølvskrytet tar heilt overhand, mi kjære bufelle <3 Er du snart ferdig på badet? (Eller er det kanskje inne på rommet ditt du driv og romesterar?)
For eit flott liv vi lev her i leilegheita vår!
Ser ut som du har hatt ein kjempefin tur!
SvarSlett