Sider

mandag 28. september 2009

HEI!

No skal eg skrive eit kjempelangt blogginnlegg, men eg skal likevel halde på merksemda di heile vegen. Grunnen til dette plutselege ambisiøse innfallet og blogg-engasjementet? Jo, det skal eg seie deg, du: Eg er ferdig med ei framføring i examen philosophicum som eg har grua meg til sidan eg byrja på universitetet! Joho, minibølge for meg (sjølv om det gjekk ganske så ræva). Veit eigentleg ikkje kvifor eg grudde meg så masse, bortsett frå at eg hatar munnlege presentasjonar så kraftig at eg heller vil springe naken rundt på Torgallmenningen (igjen) enn å halde eit foredrag utan manus ("igjen" i den forstand at eg brukar denne samanlikninga igjen (har brukt den i ein trynebok-status før (oi, ein parantes i ein parantes i ein parantes (kvar skal det slutte?)))), ikkje at eg nokon gong har sprunge naken over Torgallmenningen før, som eg veit om i alle fall. Og det veit eg, for eg har aldri vore rusa, på anna enn livet).

Men anyways: Eg har grudd meg og grudd meg, og i går fekk eg faktisk summa meg til å byrje å skrive på oppgåva som skulle framførast (i dag). HEI - ikkje døm meg! Frykta for å lide er verre enn sjølve lidinga, står det i "Alkymisten", og eg har lidd UMENNESKELEGE smerter ved tanken på å stå framfor ei forsamling og skulle snakke om filosofi. Herlighet for ei skjebne.

Uansett. Poenget er at eg sto opp i dag TIDLEG, skreiv ferdig oppgåva, la meg igjen, sto opp igjen, skreiv ut oppgåva, møtte Gjertrud og ein annan vi var på gruppe med på Studentsenteret, øvde litt og fjasa mest, og så møtte opp på seminarrom 304B på Sydneshaugen skule og stotra meg gjennom libertarianismen og "drøft denne posisjonen opp mot korleis ein skal forholde seg til menneske med alvorlege psykiatriske diagnosar", OG VART FERDIG MED DET! Det følelsen vart akkurat så bra som eg hadde forestilt meg at den skulle bli, og berre det i seg sjølv er eit sjeldant fenomen.

Sidan eg kom heim i dag har eg:
1) Ete middag (Madagaskargryte. Ganske godt. Hadde vore betre om eg hadde klart å koke pastaen slik at den ikkje knasa i munnen)
2) Sett Friends
3) Tenkt på blogginnlegg
4) Skrive blogginnlegg
5) Fått besøk på rommet av Anke, som har lest siste kapittel av Harry Potter for meg (Mamma: "Kan du ikkje lese sjølv?". DET ER KOSEN, MAMMA! Du forstår ikkje det her).

Elles:
I går kveld hadde eg så mange sommarfuglar i magen at eg måtte bestikke dei med nettopp Harry Potter på senga i håp om litt ro samt besøk av Mr. Jon Blund. Big mistake. Eg hadde nemleg kome til slutten av bok nummer fem, og i går var det så spennande, rørande, fengslande, nakkehårreisande (er det eit ord?) at eg oppnådde motsatt effekt: Vart lys våken. Og då eg kom til eit særleg trist parti i boka, fekk eg noko *kremt* rusk i auget slik at dei vart våte, og då vart eg i alle fall vaken. Måtte lese vidare, måtte måtte måtte. Sjølv om eg visste at eg òg som sagt måtte stå opp grytidleg i dag for å skrive ferdig oppgåva. I min verden kallast dette rebelskhet; og sjølv om eg måtte droppe forelesinga "Hva er et jeg?" i ex.phil. i dag, angrar eg ikkje eit nanosekund på prioriteringane mine i natt.


PS: Eg har to bøker igjen i serien, og har sverga ein ond hemn over einkvar som avslører noko som kjem til å skje i bok 6 og 7. Det gjeld deg òg.




Elles 2:

Til helga skal eg heim igjen! Då skal eg atter ein gong halde denne karen i mine armar...






... når eg berer han til dåpen! Puh, litt nervøs for det, men mest GLAD! For ei ære det er. (Dessutan gjer det ingenting at Michelle ikkje har satt han på diett (på biletet ovanfor er han fire dagar; no er han fire og ein halv månad. Med andre ord har han meir enn tripla vekta si), for gudmora har teke armhevingar).


Elles 3:

Då eg no skulle finne bilete av Alexander frå sommarens fotogalleri, snubla eg over augeblikk frå då veiret var sol og blå himmel og alle bilete vart fine, og kalenderen viste juli og august. Det slo meg at sommaren gjekk så stille i dørene, og let gule lauv, fire årstider på ein og samme dag (som i dag!) og haustdrag i lufta sleppe inn i staden, at eg ikkje har merka det eingong.

Det skal ikkje så mykje avstand i tid for å hylle eit minne inn i evig solskin.


Frå då eg og tante Magni plukka bær i hagen vår.
Eg hadde ikkje merka at bæra plutseleg hadde blitt
fullmodne på den veka eg var i Oslo, før tanta plutseleg
forsvann ut i buskene. Då vi sto der og plukka i ro og mak
mens sola stillferdig betrakta oss frå si ferd frå aust mot vest,
tenkte eg at det å ha ein hage, med bær i, som ein kan plukke...
ein blir ikkje rikare enn det.










Mamma: "Det er ikkje noko som heiter stikkelsbær-sylte, June!
June: "Er det vel! Eg skal jo lage det no!"
Mamma: "Det går ikkje an å lage!"
June: "Går ikkje an?! Eg skal vise deg 'går ikkje an'!"
(Det var ingen som et den sylta, bortsett frå meg,
som tok eit par skeier. Men det gjekk an!)


Mens Jan-Eivind leika med Samson, som forresten
ikkje har lagt av seg matvrak-sida si med tida. Tvert
imot. Mamma seier at når veninnene hennar kjem på
besøk, seier dei "for ein feit katt!", og då seier mamma
"nei, han har berre tjukk pels!". Eg skal forsvare han eg
òg, når eg kjem heim. Ungen vår. Som har blitt ungdom mens eg har vore vekke. 

 No får han sikkert ikkje lenger pupp med mamma si.
For no har ho byrja å frese til og avvise han.
Om nokre månader gløymer dei nok at dei er i slekt,
og så byrjer dei å få ungar i lag. Naturen er rar.





Er det ikkje eigentleg ganske utruleg at menneske og dyr kan vere vener?
Nei, for vi menneske er nærare naturen enn mange likar å tru, meiner eg.


June: "Kva er eigentleg sevje? Griner trea, eller svettar dei?"
Jan-Eivind: "Dei blør".



Les du framleis, altså? Creds!


Takk for oppmerksomheten, og ha ein strålande aften! Det skal eg, med tente lys, iste-saft, brent CD frå broderen, boka Historier om sårbarhet og den lette følelsen av ikkje å ha noko hengande over seg som ein gruar seg ti.


11 kommentarer:

  1. Grand-tanta mi var ein reser på stikkelsbærsyltetøy. Sludder og pølsevev at dei ikkje er noko som heiter det! Knakande godt er det!

    SvarSlett
  2. eg vil meir enn gjerne smake stikkelsbærsyltetøyet ditt! du er herleg, og eg hadde aldri overlevd framføringa utan deg. berre synd vi aldri fekk brukt den teipen frå veska di.

    SvarSlett
  3. Bjarte: Det skal eg fortelle ho mor! Ja, sant det er godt? ;-)

    Gjertrud: Då kjem du til Bremanger neste sommar, ok? :-) DU er herleg, eg hadde vore eit (mykje verre) nervevrak utan deg!

    Haha, eg skal gå til innkjøp av skikkelig teip, sånn gaffa-teip eller jaffa-teip eller kva det no heiter, og ha i veska i tilfelle vi treff...nokon...på universitetet ;)

    SvarSlett
  4. Hahahahahaha!

    Fantastisk, June! Eg greier ikkje beskrive med ord kor flink du er med ord! Seriøst, ta det til deg :) Eg levde meg skikkeleg inn i teksten din. (Fint at eg bur åleine, så ingen trur eg er gal som sit og skrattar for meg sjølv.) Eg braut ut i høglytt latter fleire gonger, og blei skikkeleg irritert på han frekke guten frå gruppearbeidet, sjølv om eg måtte le høgt av måten du framstilte han på.

    Eg er veldig glad for at du er ferdig med foredraget ditt =) Det er sant det, at det å gå og grue seg er verre enn sjølve tingen ein gruar seg til.

    Du veit kvar du har å befinne deg ein gong du har tid: HER! Ja, June, HER! Det er ein ordre. Det du gjer mot dei som avslører Harry Potter, gjer eg mot deg om du ikkje adlyd min ordre. Nei, eg tulla. Eg vil deg ikkje så vondt, men eg vil at du skal komme hit, og det ER ein ordre.

    Forresten, oppdater meg viss ...nokon... finn på nye frekkskapar/frekkheiter/eller noko. Eg vil òg gjerne høyre om hemna. *sadist* :D

    SvarSlett
  5. Eg ber om orsaking. Du har å FINNE deg her, ikkje "befinne".

    SvarSlett
  6. Hahaha! June, du er FANTASTISK! :D Var så masse eg ville kommentere at eg ikkje kan ta alt. Men; Stikkelsbærsylte finst! Men eg syns det er masse beire når dei ikkje er sylte :/ Og; Eg gler meg til å reise heim :) Då kan vi lese bøker på båten(nærrakødda)

    SvarSlett
  7. Silje: Tusen takk! Eg vile gjerne finne/befinne meg hos deg snarast :-) Og PS: ... Nokon... går framleis fri!

    Henriette: Muchas gracias ;-) Er einig i at stikkelsbær er beire i seg sjølv; for då knasar dei så godt (nesten like godt som pastaen i Madagaskargryta).

    Høhø, ja eg skal i alle fall lese ex.phil., så får du gjere som du vil :-)

    SvarSlett
  8. haha! Knasande pasta, æææsj! :S

    Ja, no kan du berre lese for min del. Sida du reise i mårå, di høne :( Grådig unødvendig syns no eg. Tapa maaasse penga på frisør i Bremanger, så du kan no berre angre

    SvarSlett
  9. Pengar betyr ingenting i den store "få-vere-en-dag-ekstra-heime"-sammenheng ;-)

    SvarSlett
  10. Jeg liker prioriteringene dine, helt klart! Man kan lære mye av Joanne, selv om det ikke handler direkte om Aristoteles ;)

    SvarSlett