Sider

onsdag 30. september 2009

Kjære Henriette-mor

Ok, eg innrømmer det: Det ser spøke ut for at eg skal bli ferdig med JULE-presangen din før september -09 renn ut i historiebøkene, med tanke på at eg berre har tjuetre og ein halv time på meg, og tjuefem prosent av dei skal brukast på søvn, femti prosent på skule (ideelt sett, og no veit jo alle at vi lev i ei ideell verd...), fem prosent på å ete og gå på do, og tjue prosent på å sitte apatisk (les: flakke som ein cyberspaca tulling rundt på tryneboka og diverse bloggar) og tenke på alt eg burde ha gjort.

MEN: Eg har ein liten "smakebit" - eller trøstepresang, om du vil, sidan du no har måtte venta over ni månader på julepresangen (ja, eg er skjemd, og ja, eg blir ledd av) - som du kan få for eksempel i morgon eller torsdag, dersom du har nokre minutt å avsjå til ein stakkars synda.

Dessutan er eg veldig glad i deg, og du er veldig fin. Og snill. Og smart. Og skjønn.
Eg gledar meg til vi skal på VilVite-senteret ein vakker dag!

5 kommentarer:

  1. er det julegaven for 08 du ikke har fått gjort deg ferdig med? Eller er det julegaven hun skal få denne jula? For da har du jo fortsatt ganske god tid..

    ønsker deg en fin dag

    SvarSlett
  2. Julepresangen for 2008... ;-)
    Så eg er litt på overtid, kan du seie ;)

    Ønsker deg ein kjempefin dag òg!

    SvarSlett
  3. hoy hoy hoy..hehehe, ja men hva om du bare får den ferdig til jul nå da? så blir det en ekstra stor og fin gave i år :D

    SvarSlett
  4. Hehe, nei no har eg hatt dårlig samvittighet i ni månedar, no vil eg gje ho den! Dessuten gleda eg meg litt til det òg, for det er noko personleg som eg har brukt tid og flid på :-)

    SvarSlett
  5. Hahaha! June-mor :D Sida eg fekk sånn ein flott bursdagspresang for kort tid sida, er eg metta på presanga for ei stund, så eg får heller tilgje deg IGJEN :D Meeen..viss du framleis vil gje meg smakebiten, har eg tid i mårå mellom 10 og halv 12, og 12.15 og 13.15 ;) Så vidt eg huska har du fri mellom 12 og 2? :D

    Eg er glad i deg og! Og vi SKAL på Vilvite snart. Etter haustferien(!!) DÅ :)

    SvarSlett