Sider

tirsdag 6. oktober 2009

Confessional song

Sidan kamera-ledninga mi er teit, og eg difor ikkje får lasta opp bilete frå dåpen, og difor ikkje kan fortelje om den enno, får eg heller skrive utan mål og meining. Denne gongen tenkte eg at eg skulle hive meg på blogg-trenden med å avsløre skuggesider ved meg og mitt i den obligatoriske listeforma. Enjoy.


- Eg er fullstendig og uhelbredeleg avhengig av Pepsi Max, og har på noverande tidspunkt null ønske om ikkje å vere det.
- Eg et eit kilo brunost i veka. Eller, ikkje no då; no er eg på avvenning (ikkje at det er noko utfordring; etter tre veker og ditto kilo brunost, har eg merkeleg nok mista smaken på det).
- Mamma kjøper Se og Hør, noko eg dømmer ho høglytt for, mens eg les bladet i smug.
- Eg klarer aldri å svare når eg blir spurt om mi religiøse tru, for sjølv om eg har den krystallklart for meg inni meg, får eg aldri til å forklare den med ord.
- Løvenes Konge var den første filmen som gjorde meg rørt til tårer, og det er framleis yndlingsfilmen min.
- Eg har aldri prøvd å røyke.
- Eg trur på englar.
- Eg har aldri skjønt kva Israel/Palestina-konflikta eigentleg dreier seg om.
- Eg hatar å vere på Ikea.
- Eg har eit sterkt ønske om å slette Facebook-profilen min, men grunnen til at eg ikkje gjer det er at eg ikkje taklar tanken på at det vil leggast ut bilete av meg som eg ikkje får sett.
- Eg er voldsomt heimekjær.
- Kvar gong eg er ute og går med Mp3-en plugga i øyrene, dagdrøymer eg så mykje at eg gløymer alt som heiter trafikkreglar, og vert nesten påkøyrt i gongfelta.
- Eg elskar musikken til Bjørn Eidsvåg.
- Då eg var mindre, trudde eg at Afrika låg i Bremanger.
- Eg får frysningar av isopor.
- Eg tolkar alltid eit anna menneske sin tausheit som bekreftelse på det eg fryktar mest.
- Eg hatar å jogge. Verkeleg HATAR.
- Eg er ikkje sikker på om eg har valt rett studie.
- Eg kan blåse opp nasebora.
- Eg treng tjue positive bemerkningar for å vege opp for èi negativ.
- Eg vaskar håret maks to gongar i veka.
- Eg har bamsen min, som eg har hatt alltid, ved sidan av meg i senga kvar natt, i tillegg til den eg laga på Folkehøgskulen. Dersom eg ikkje gjev dei begge like stor godnattklem og -kyss, får eg dårleg samvit. Dersom eg gløymer det heilt ein kveld eg er veldig trøtt, føler eg det som om eg har begått alvorleg omsorgssvikt.
- Eg får ikkje sove før eg har sjekka i skapet at det ikkje er nokon der.
- Eg var den nest siste i klassen som lærte å svømme.
- Eg elskar sommarfuglar.
- På veldig mange plan likar eg dyr betre enn menneske, og har heilt sidan eg var bitteliten hatt ein tilbøyelegheit til å sympatisere meir med dei enn med folk.
- Som barn var eg redd for alt.
- Eg er framleis over gjennomsnittet engsteleg.

9 kommentarer:

  1. Hahaha! Du altså ;p Likte spesielt godt den med bamsane, og at du var sist i klassen til å lære å svømme(var du verkeleg det?) ;)
    Sida du skrive at du hata å jogge, burde du kanskje óg ta med at du er ein ræsar på sykkelsetet ;)

    SvarSlett
  2. Dei to første punkta kom absolutt ikkje som noko sjokk på meg :p Eller, det sjokkerte kanskje litt at du er på brunostavvenning, og at du i tillegg ikkje saknar brunost. Det blir lite makaroni med brunost for tida, eller er det eit unntak? ;)

    Kvar i Bremanger trudde du forresten at Afrika låg?

    Eg kjenner meg igjen i fleire punkt. Eg vil eigentleg heller ikkje ha facebook, men eg berre MÅ ha kontroll på bilete av meg. Var litt derfor eg laga meg det, mot mitt ekstremt sterke prinsipp. Ein blir dessutan utanfor. Alt "skjer" via facebook. Det er skummelt -_-

    Har du forresten sett the Grudge sidan du sjekkar skapet ditt? Eg gjer vel heller motsatt etter at eg såg den filmen. (Anbefalast ikkje for folk som er like lettskremde som meg!) Eg er livredd for å sjå inn i skap :p Då eg jobba som stuepike for nokre år sidan, måtte me sjekke klesskapa i tilfelle gjestane hadde gløymt igjen noko. Eg gjorde det alltid til slutt, og reiv opp skapet og slang det igjen så fort eg kunne :p

    Viss eg nokon gong skal skrive ei typisk-meg-liste, så må eg ta med at eg skriv lange kommentarar til deg ...

    SvarSlett
  3. Detta va et veldig bra blogginnlegg! Tøft at du klarer å skrive ner ting som du gjerne syns e flaut eller skummelt:D Utrolig kjekt å få bli bedre kjent med kem June e <3

    Men du? Eg tror du glemte ein vesentlig ting: - Du e veldig glad i å klarte i trær! Eg ane ikkje kor mange bilder eg har sett av deg i ett tre he he:P <3

    Glad i deg!

    SvarSlett
  4. Henri: Ja, huska du ikkje det? Eg hadde jo "ilt i magen" slik at eg ikkje kunne ha bading nesten kver badetime fram til 7. klasse.. :)
    Haha, eg ekje så resar på sykkelen no lenger; eg får jo ikkje praktisert syklinga nåken plass her, sidan eg helde på å bli drept i Bergens gater kvar einaste gong! Bilar og folk overalt... Makan... Du får få Kenneth til å vise meg nåken bra sykkelplassa som ikkje ligge så aaaaltfor langt frå allfarvei; må jo nesten finne veien heim òg. Altså er ein radius på +- 1 km unna sentrum passande i mitt tilfelle ;)

    Silje: Eg likar dine lange kommentarar! Skulle ønske eg hadde same evna, sjølv om den glimtar til frå tid til annan :) Makaroni med brunost går under regelen, då heller ikkje det smakar meg for tida.

    Eg òg var prinsipielt imot Facebook veldig lenge! Så gav eg etter for den sterke straumen... Nei og nei. ANGRAR! Ein tidstjuv er det det er.

    Eg trudde at Afrika låg på andre sida av fjorden frå der vi budde før, for om kveldane då eg sat i sofaen og såg på andre sida, såg eg eit stort tre (ja, TRE) som sola traff på ein slik måte at det såg akkurat ut som eit tre frå Løvenes Konge. Men då eg sa det til mamma, lo ho :) For øvrig meinte eg at bestemora mi budde rett ved sidan av det treet (ho bur i Kalvåg), og altså at Kalvåg var rett ved sidan av Afrika, så eg viste tidleg teikn på min karakteristiske dårlege retningssans, kan du seie.

    Har ikkje sett The Grudge, og basert på det du skriv (samt det faktum at eg blir heilt hjerneskadd av skrekkfilmar), skal eg ikkje gjere det heller! Haha, den stuepike-storyen burde ha vore ein skrekkfilm for seg sjølv :-D

    Kristin: Tusen takk! Blogg er eigentleg ein fin måte å vise sider ved seg sjølv som eigentleg er forbehold få i omgongskretsen, har eg funne ut :-)

    Haha, der har du meg ;-) Har nok blitt stempla som dendrofil - ingenting å gjere med det!

    PS: Veit du om eit bra tre her i Bergen, så let me know!

    Glad i deg òg <3

    SvarSlett
  5. ...Glemte du ikke...? :


    - Tøff; som tør å snakke, og være så ærlig på bloggen sin


    - Klok, med mange gode tanker i hodet


    - Talentfull, med ordene på sin plass; i hjertet


    - Sterk, som har kommet gjennom hinderløypa med energi til å gå videre


    - Humoristisk, selv om dette går utover blæra


    - Skap-nugattimonster


    - Omtenksom


    - Forståelsesfull


    - Og veldig veldig verdifull

    SvarSlett
  6. Snufs... <3<3<3<3<3<3<3<3

    Gladbok... :-)

    SvarSlett
  7. Her var det skremmende mye jeg kjente meg igjen i... :)

    SvarSlett
  8. Du har mye fint ved deg. Mer enn du trur.
    Ps: Jeg misunner håret ditt. Mitt må vaskes omtrent hver dag!

    SvarSlett
  9. Tusen takk, Ragnhild! Det same ;-)
    Haha, det er sikkert betre enn å drite i det i opptil ei veke ;P

    SvarSlett