Sider

torsdag 8. oktober 2009

Eg sat på bussen på veg heim frå Åsane, og sat som alltid djupt inne i eigne tankar mens Coldplay, Bjørn Eidsvåg eller Katie Melua durte i øyrene. Den store ICA-posen full med varer frå ti-kroners-marked var planta godt på fanget saman med veska og paraplyen, og gjorde skjørtet mitt litt vått. Vi kom inn i ein tunnell. Der var det trafikkork, så vi vart ståande. Eg tenkte det var fordi det var midt i ettermiddagsrushet, når alle er ferdige på jobb og skule og hiv seg i bilen eller på bussen for å kome seg fortast mogleg heim. Det var det ikkje.

Plutseleg svinger bussen heilt inn mot tunnellveggen, og eg fjernar meg frå dagdrøyminga og Mp3-en for å sjå kva det er som skjer. Eg ser at dei to parallelle radene med køyretøy plutseleg delar seg, som når Moses/Gud spreidde havet for at Israelsfolket skulle komme tørrskodd over det; dei klemmer seg inn mot kvar si side i tunnellen. Så blinkar det blått inni tunnellen, og eg høyrer jentegjengen som sit vis a vis meg i bussen komme med spede "oi".

Ambulansen snor seg rundt bilane, bussane og motorsyklane som ein gul slange i mørket, og like etter er den vekke. Eg sender ein fort tanke til den eller dei personane som ventar på den i andre enden av tunnellen; sikkert eit eldre menneske som har fått eit illebefinnande eller noko sånt, slår eg meg kjapt til ro med. Stakkars. Ja, huff. Mp3'en kjem inn att i øyra og tankane om breddetest i examen philosopicum på mandag inn igjen i hovudet. Omsider beveger trafikken seg igjen.

Lyset frir oss frå tunnellen, men utanfor ventar eit større mørke, som eg ikkje registrerar før jentegjengen kjem med atskillig sterkare "Ååå!" og "Å neei!", fordi blikket mitt er andre stader. Eg ser opp, og utanfor vindauget, ved sidan av ein mann i gul vest som dirigerar den seige trafikken med heftige armbevegelsar, ligg ein bil opp ned, smadra, midt i vegen. Ein personbil. Der det har vore ein eller fleire personar inni. Personar som no ligg i ambulansen som står ved sidan av. Opp ned. Smadra. Midt i vegen.
Det er som om alt stoppar.

Surrealistisk.

Eg stirrar og stirrar, ventar halvt å sjå blod. Men bussen køyrer sakte vidare. Farten settast opp, og vi er igjen på veg mot Bergen. Praten i bussen tek seg opp, men stilnar då ei stemme på radioen melder at ein personbil har hamna på taket utanfor Eidsvågtunnellen, og at det er trafikkaos i området. Ei av jentene i gjengen ved sidan av meg set ord på noko av det eg tenker: "Eg har aldri vore vitne til noko sånt på nært hold før..."

Breddetest i ex.phil.
Kva skal eg ha til middag.
Kjøpe ny jakke i morgon eller vente.
Regn og kaldt og forkjøla.
Heng etter med skulearbeidet.

Er det det her eg ønsker å fylle hovudet og tida med dersom 8. oktober 2009 hadde vore den siste dagen i dette livet mitt?

Håpar av heile mitt hjarte at det går bra med den/dei som var i den bilen...

Det er så rart; eg ser overskrifter i avisene kvar dag - feite, sjokkerande overskrifter, og ofrar dei som regel skremmande få blikk og tankar. Nettopp fordi det er akkurat det eg ser; overskrifter. Svarte bokstavar mot kvit bakgrunn i eit avisstativ i ein Spar-butikk på veg heim frå universitetet, og kanskje eit lite bilete. Eg ser ikkje i levande live bilar som ligg opp ned midt i vegen. Eg blir ikkje så satt ut og fylt til randa av tankar av eit avisoppslag eller nyheitsinnslag, eg blir ikkje fysisk kvalm. Men det blir eg altså når det kjem så nært. Når ein ser noko bli snudd sånn på hovudet.

Livet er ein risikosport. Vi burde leve; leve mens vi gjer det. Det kan snu så fort og alt det der - eg gidd ikkje lire av meg dei så altfor velbrukte klisjeane; dei har ingen effekt på deg som les dette. Dette blogginnlegget. Du ser skrift på ein bakgrunn, for det er det vi gjer, vi menneske. Før vi ein dag kjem ut av kvardagens tronge, fargelause tunnell og får livet slengt i fleisen med lystkastar på.

Eg kjem til å gløyme dette perspektivet om nokre dagar.
Heilt til det neste skjer. Sånn er det alltid.

Men lat oss seie at eg ikkje gjer det; lat oss seie at dette ville få meg til å endre kvardagane mine. Kva ville eg ha gjort?



Droppe ei forelesing til fordel for å ta bilete av regndropane på haustlauva.
Skrive lange brev til dei eg saknar, og fargelegge.
Kjøpe "Megafon" av ein av dei iherdige menneska som står i Bergens gater
og sel desse blada som ledd i arbeidet med å leve igjen; ta meg tid til ein prat.
Sykla ein lang tur utan å vite kor eg skal
eller korleis eg skal finne vegen tilbake.
Ringe til mamma og snakke lenge.
Melde meg på dansekurs.
Gjere eit hals-over-hovudet-impulskjøp, som eigentleg
ikkje er eit impulskjøp, fordi det er noko eg har ønska meg
så lenge, men ikkje sett meg råd til.
Besøke søskenbarna mine; spele fotball til eg blir skiten og svett,
teikne til DEI blir leie, spele spel, gjere alt dei vil.
Gå på Fløien, ta med Harry Potter, finn ein stille stad i skogen,
og sette meg på ein stein for å lese.
Kjøpe eit kilo yoghurtnøtter og litervis med Pepsi Max.
Bake, og invitere mine kjære over i leilegheita.
Lese barnebøker, og drøyme om å skrive ei sjølv.
Strikke og brodere, utan dårlig samvit over alt det andre eg
føler eg eigentleg burde gjort.
Kose med alle kattane i nabolaget.
Ta på meg fullt regnutstyr, kjøpe to heile brød,
og sette meg på ein benk i parken der alle duene er,
og late dei klatre på meg og styre på for å få ete.
Lage fotoalbum med berre lukkelege augeblikks-bilete.

4 kommentarer:

  1. ooff, så forferdelig tragisk...
    man tenker som regel aldri over livet sitt, hvor heldig man er, eller hvor skjørt det er, før man opplever noe så fælt.

    Man vet aldri hva morgendagen bringer, så vi må bli flinkere til å leve i nuet.

    klem.

    SvarSlett
  2. Det er så veldig sant... Berre synd ein tek det innover seg så altfor sjelden.

    Heldigvis fekk han mannen i bilen "berre" lettare skadar, les eg på bt.no. Takk og lov! Det såg verkeleg ikkje bra ut, den bilen.

    Klem tilbake <3

    PS: Håpar du har det betre :-)

    SvarSlett
  3. Utruleg kloke tankar og ord til ettertanke. Du imponerer nok ein gong med dine fengande skriveferdigheiter. Dette innlegget fekk meg verkeleg til å tenkje. Eller, DU fekk meg til å tenkje, rettare sagt. For det er dine ord. Dine tankar.

    Eg vil forresten "forsvare" det at me ikkje tek innover oss alle fæle avisoverskrifter, hyheiter og likande. Det ville blitt forferdeleg overveldande og tungt å leve om me skulle setje oss like sterkt inn i kvar situasjon. Eg trur det er ein måte å overleve på. Me må kople ut ting som ikkje "rammar oss", og sjå det som bokstavar på papir og tal, og ikkje kvart individ bak. Du har uansett eit poeng. Absolutt! :) Eg ville berre påpeike det.

    SvarSlett
  4. Tusen takk, Silje! Nok ein gong :) Du er så god!

    Ja, det er sant det du seier der med at det hadde vore altfor overveldande. Men eg meiner likevel at ein ikkje må kople slike ting så mykje ut at ein gløymer kor skjørt livet er, for oss alle. Men så klart, å gå rundt og tenkje på det heile tida hjelper ingen. Men å ha i bakhovudet at det ikkje er noko abstrakt som er heilt fjernt frå vårt daglegliv.

    SvarSlett