... til mamma
... til Michelle og Alexander
... til lisjepusen
... som ser på film på dataen saman med meg
... sjølv om han kanskje eigentleg vil gjere andre ting.
.. som letar etter mat på alle tenkelege og utenkelege stader.
... til Storemora
... som kvar kveld legg seg i senga mi og ventar til eg kjem,
slik at vi kan sovne sånn som dette. Slik at hennar potar som
krummar seg i velvere på armen min er det siste eg ser før eg
sovnar, den mjuke malinga hennar er det siste eg høyrer, og
den gode, glatte pelsen er det siste eg kjenner mot huda.
... Noko som gjer at eg faktisk får sove om nettene.
... før vaknar om morgonen igjen til den same malinga, frå ein liten
skapning som berre har ligge roleg og venta på at eg skal opne auga
for ein ny dag.
... så eg kan byrje dagen med å smile til desse to djupe tjerna av nokre
katteauge, noko som er nydelegare enn eg kan uttrykkje
... til knekkebrød med nugatti.
Biletet er googla.
(... eller rettare sagt: Nugatti med knekkebrød...)
... til mine fotspor i Grotlesanden

... som aldri kan viskast ut.
... til Momma
... i det gule huset der minnene sin magi og den gode tryggleiken fins i
kvart knirkete trappetrinn, i den velkjende trallinga hennar, i det kloke blå
blikket som følgjer mine skiftingar mellom spøk og alvor like naturleg som
bølgjene følgjer vinden.
... til klokskap og djupe samtalar klokka tre om natta, til
lattertårer og skitpreik; alt i skjønn forening.
... huset med luker til himmelen
... til tunet, med dei tre trappetrinna som eg har krabba opp, klyvd opp,
gått, sprunge og hoppa opp - etter som åra har gjort beina mine
lengre og hastverket større - og som eg no kan ta i eitt steg.
Herregud, så redd eg er for å miste.

Nå saknar eg pusekatten min kjempemykje :'( Ingenting er som å vakne opp og sjå inn i dei varme, smilande augo til eit dyr som gjer alt for deg. Ein perfekt start på ein dag.
SvarSlettDu må kose deg kjempemykje heime! :) Eg gledar meg til du kjem tilbake til Bergen, eg :p
Eg vil forresten bli med til Bremanger ein gong. Om eg får lov. Eller, eg tek meg lov, så samme det.
Ikkje sant? :-)
SvarSlettTusen takk! Gleda meg til neste Silje-tid, eg òg ;)
Du SKAL bli med til Bremanger ein dag, for eg har jo allereie invitert meg sjølv til Sogndal, så ;)
Jeg falt spesielt for kattesovebildet og kommentarene om bestemoren din!
SvarSlettKoseblogg på morgenkvisten.
Tusen, tusen takk <3
SvarSlett... PS: Kattesovebiletet er min favoritt òg ;)
SvarSlett